Vi har endra namn
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Rein og spektakulær natur er essensen av Norge. Frå arktiske landskap og nordlys i Narvik og Lofoten til UNESCO verdsarvlista fjordlandskap ramma inn av bratte fjell på Vestlandet. Smak fyrsteklasses sider frå Hardanger og gå på Preikestolen ved Lysefjorden. Stå på ski i snørike Myrkdalen eller ta Flåmsbana gjennom den vakre Flåmsdalen. Utforsk destinasjonane våre og planlegg eit Norgeseventyr!
Den sjarmerande bygda Flåm ligg inst i Aurlandsfjorden på Vestlandet. Omgjeven av imponerande natur og opplevingar, er dette ein perfekt stad å bruka som base for å utforska nokre av regionens mest populære attraksjonar.
10 minuttar køyring frå Flåm ligg Aurland, heimstaden til Aurlandskoen og utsikten frå Stegastein. Ein ypparleg stad for avslappande dagar ved fjorden, så vel som en aktiv ferie med fjellturar i fjella rundt.
Vestlandets største skidestinasjon Myrkdalen Fjellandsby tilbyr opplevingar for heile familien året rundt. Bu i leilegheit, hytte eller Myrkdalen Hotel og nyt ein aktiv ferie med ski, fjellturar, sykling og mykje meir.
Narvik har ein fascinerande historie, så vel som nydeleg natur. Her kan du oppleva både midnattssol, nordlys, spanande norsk krigshistorie og bli med på ein av landets mest flottaste togreiser til Riksgränsen i Sverige.
Oppdag Hjørundfjorden og naturen rundt. Her ventar majestetiske fjell og attraksjonar for alle ynskje. Bruk Sæbø som base, eller ta Fjord Cruise Hjørundfjord på dagstur frå Ålesund. Velkomen til Sunnmørsalpene!
Geiranger og verdsarvlista Geirangerfjorden er noko alle som er interessert i flott natur bør oppleva minst ein gong i livet. Bygda yrer av liv på sommaren, medan hausten er rolegare og ideell for fine fjellturar.
Velkomen til ei av verdas vakraste øygrupper. Lofoten er berømt for sine vakre kvite sandstrender, små fiskevær under majestetiske fjell, spanande aktivitetar og gode sjømat. Bu i ei rorbu og utforsk på din måte.
Oppdag Hjørundfjorden og naturen rundt. Her ventar majestetiske fjell og attraksjonar for alle ynskje. Bruk Sæbø som base, eller ta Fjord Cruise Hjørundfjord på dagstur frå Ålesund. Velkomen til Sunnmørsalpene!
Opplev Hardanger, regionen som omkransar landets nest lengste fjord. Kjent for blømande frukttre og fruktboder langs Hardangerfjorden, og ikkje minst den lokalproduserte og pris løna sideren fr å Hardanger.
Utforsk det dramatiske landskapet rundt Lysefjorden. Fjord Cruise Lysefjorden gjer tilkomst til Preikestolen og Kjeragbolten, samt fleire av de sjarmerande fjordbygdene enkel, anten du reiser med eller utan bil.