Hopp til hovedinnhold
Gå tilbake til Myrkdalen Skisenter

Opningstider og løypekart

I Myrkdalen finn du alt frå familievenlege grøne løyper, lange blå for nybyrjarar og meir krevjande svarte for dei mest erfarne. Sjå opningstider og løypekart med beskriving under.

Opningstider

Fjellheisane

Skisenteret opna fredag 29. november, men fram til det er nok snø i fjellet er det berre Myrkdalsekspressen og Mikkeltrekket som er ope. Så lenge forholda tillèt det, er skisenteret ope kvar dag frå 09.30 til 15.30. Følg oss på sosiale media for oppdateringar.

Heisane er ope kvar dag.

Sesongstart til og med januar: 09.30 - 15.30

Februar til sesongslutt: 09.30 - 16.00

Kveldskøyring ope til 20.00:

Onsdag/fredag/laurdag i perioden 20. desember - 29. mars

Juleferie 27. desember - 30. desember

Vinterferie 7. februar - 1. mars, 2025

Høgtider:

Julaften 24. desember: 09.30 - 14.00

1. juledag: Normale opningstider, men kan enkelte heisar kan vera stengde.

Påske: Normale opningstider.

Landsbytrekket er ope frå kl. 11, fredag - søndag, og kvar dag i veke 5 - veke 14

Helgatuntrekket er ope laurdag - søndag og i feriar

Velkomstenter Myrkdalsstovo

Ope kvar dag frå kl. 08.00 til 18.00 (mandag-torsdag og søndager, utanfor feriar, stengjer velkomstsenteret kl. 17.00)

Kjøp sesongkort her

Ta med borna på ein aktiv skiferie

Løypekart

Myrkdalen har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løype og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste. Sjå fullstendig løypekart.

Her finn ein alt frå familievenlege grøne løyper, lange blå for nybyrjarar og meir krevjande svarte for dei mest erfarne.


22 varierte løyper

Me har eit samanhengande løypenettverk, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Tilsaman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Køyrer du frå toppen av anlegget som ligg på 1060 moh, får du tre kilometer med skikøyring og 610 høgdemeter før du igjen står utanfor Myrkdalen Hotel. Løypene våre er breie og oversiktlege - Myrkdalen er difor ein perfekt plass å læra seg å stå på ski.

Sjå løypeskildringer her

Treng du skiundervisning og utstyr?