Vi har endra namn
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Fottur i norsk natur gir varierte og spektakulære opplevingar kor enn vi bevegar oss om det er langs fjorden, inn i djupe dalar eller krevjande toppturar. Aurland kommune har ein konsentrert og unik kombinasjon av fjord og fjellturar med forskjellige vanskeligheitsgrader for folk i alle aldrar
Når du er på fottur i Aurland kommune er du omgitt av eit dramatisk og røft fjordlandskap, dundrande fossefall og flott utsikt der du ferdas. Faunaen er rik med ørner og selar i fjorden og nokre gonger spekkhoggare. Landskapet varierar frå tett skog, frodige dalar, små og store fiskevatn, snøbrear til stupbratte og utilgjengelege fjell. Dei fleste av turane går i og rundt Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden som er på verdsarvlista til UNESCO.
Ynskjer du å gå Aurlandsdalen, er Vandrebussen mellom Flåm og Østerbø/Vassbygdi no inkludert i overnattingspakka. God tur!
Helga 25. - 27. september tilbyr Myrkdalen guida fjellturar frå fjord til fjell og frå fjell til fjord. Laurdag er det tur til Breiskrednosi over Nærøyfjorden som startar med eit fjordcruise frå Flåm eller Aurland til Dyrdal. Søndag går turen frå Aurlandsfjellet til ned til Skjerdal ved Aurlandsfjorden. To flotte turar med dyktige guidar.
2 overnattingar på Fretheim Hotel
Vill og urørt natur
Fottur i Aurland kommune
I kartet finn du våre anbefalingar til turar som passar både topptur- eller trenings entusiasten og mosjonisten. Klikk på tala i kartet for nærmare beskrivelse av turane.
Kos deg med korte turar i og rundt Flåm. Du kan laste ned kart i lenkja under eller plukke dei opp i Flåm kundesenter:
Vil du ha meir detaljert info om rutene, vennlegst kontakt turist informasjonen i Flåm kundesenter.