Vi har endra namn
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Oppdag dei majestetiske Sunnmørsalpane frå den storslegne og 35 km lange Hjørundfjorden i Møre og Romsdal, mellom Ålesund og Øye. Her reiser du gjennom vill natur i eit dramatisk, barskt, variert og historisk rikt fjordlandskap.
Hjørundfjorden er kransa av bratte fjell som stig vertikalt opp frå fjorden med toppar som strekkjer seg 1700 meter over havet. Fjorden deler Sunnmørsalpane i to. Det ligg små bygder på begge sidene av fjorden, nokre utan vegsamband. Nokre av desse bygdene er uendra og ekte, for i hundrevis av år var båten det einaste framkomstmiddelet for menneska som budde her.
Rutetider: Fjord Cruise Hjørundfjord 2021
Bestilling! Rute er kun tilgjengeleg som vist i kalendaren. Avgangar som ikkje er tilgjengelege i kalendaren kan bestillast på forespørsel 24 timer i forvegen gjennom vårt kundesenter.
Opplev dei majestetiske Sunnmørsalpane
Fjordcruiset er ei vakker reise gjennom Sunnmørsalpane, mellom Ålesund og Øye, der du kan gå om bord eller gå i land i Trandal. Dei seinare åra har Christian Gaard Bygdetun i Trandal husa ein av dei mest iaugefallande og besøkte musikkfestivalane på Vestlandet. Kjende nasjonale og internasjonale artistar som The Blues Brothers og Adam Douglas har blitt begeistra for det mektige landskapet og atmosfæren i Trandal, og kjem attende, år etter år.
På Trandal kan du bestille mat, drikke og overnatting. Eit flott utgangspunkt for spektakulære fjellturar.
Fjordcruise Hjørundfjorden er eit perfekt knutepunkt for å utforske regionen, anten du reiser til eller frå Geiranger, utforskar den vakre jugendbyen Ålesund eller sjekkar inn for nokre dagar på det historiske og legendariske Hotel Union Øye. I området rundt Øye kan du om sommaren utforske ruinar av gardar under vatnet i Norangsdalen, eller bu nokre dagar ved fjorden med fiskestong.
Bestill gjerne en guidet tur enten med kajakk, på sykkel eller til fots, så får du eit ekstra nært forhold til naturen og menneska som bur ved fjorden.
Hjørundfjorden er eit fantastisk utgangspunkt for toppturar og fjellturar i dei storslåtte Sunnmørsalpane. Du kan velgje å vandre, sykle eller padle på fjorden til små bygder langs fjorden. Turane kan du gjere på eigahand, men me anbefalar eit av dei lokale guideselskapa som er i regionen for den ekstra gode og trygge opplevinga. Du kan også velgje å berre nyte eit godt måltid lokal mat og drikke og slappe av på ein av dei fine stoppestadane og nyte utsikta til Sunnmørsalpane.
Sæbø:
Urke: