Vi har endra namn
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Det er ikkje tilfeldig at Nærøyfjorden står på UNESCOs verdsarvliste. Eit fjordcruise gjennom denne smale og vakre fjorden gir deg eit minne for livet!
Eit cruise på Nærøyfjorden vil vere ei uforgløymeleg oppleving uavhengig av sesong. Kvar sesong etterlèt sitt eige unike preg på fjordlandskapet: Frostfargar, kvite fjelltoppar og islagde fossar om vinteren; blomstrande lauvtre og fuglar som kvitrar om våren; grøne tre og lange, lyse netter om sommaren; og eit gyllent terreng med frisk og klar luft om hausten. Kva er favorittsesongen din? Les meir om kva du kan forvente på denne turen.
Rutetider: Fjord Cruise Nærøyfjord 2021.pdf
Merk! På grunn av Covid-19-situasjonen blir alle avgangar stengt fram til 1. februar 2021 inkludert skyttelbuss Flåm - Gudvangen.
Bestill skyttelbuss mellom Flåm-Gudvangen for å kome tilbake til utgangspunktet
Opplev det spektakulære fjordlandskapet på UNESCOs verdsarvliste
Dei to fartøya Vision og Future of the Fjords representerer ein heilt ny standard innanfor design og teknologi. Dei er designa for å maksimere turistopplevinga i all slags vêr, med store vindauge og gangvegar inspirert av svingande stiar i bratt fjellterreng. Passasjerar blir oppmoda om å gå ut på øvste dekk og nyte ei heilt anna oppleving enn ein får på tradisjonelle passasjerskip. Inne finn du nordisk inspirert interiørdesign som gjev høg komfort.
Dette er miljøvenlege fartøy: Vision er eit hybridfartøy og Future er eit heilelektrisk fartøy. Begge fartøya seglar langs dei mest utsette og spektakulære delane av Nærøyfjorden, køyrer berre på batteristraum og held seg til ein fart på mindre enn 10 knop.
Du kan starte fjordcruiset i Flåm eller Gudvangen. Dersom du reiser frå Flåm, startar fartøyet reisa gjennom idylliske Aurlandsfjorden, som også er på UNESCOs verdsarvliste. Fartøyet held fram gjennom den smale Nærøyfjorden før den kjem til Gudvangen, heilt inst i Nærøyfjorden. Turen tek ca. to timar kvar veg.
Fjord Cruise Nærøyfjord 2021.pdf
Avg/Ank.: Flåm, Aurland*, Undredal*, Dyrdal*, Styvi* og Gudvangen. *Desse stoppa må bookast 15 minutt før avgong.
Merk! 15:00 avgangen frå Flåm og 17:30 avgangen frå Gudvangen vil bli kansellert for dagane mandag, tirsdag og onsdag frå og med 19. oktober til og med 1. februar.
Få mest mogleg ut av fjordopplevinga,
– last ned NAVIGUIDING-appen. Tilgjengeleg på Nærøyfjord.
Mat og drikke
*Ver merksam på at The Fjords DA reserverer seg retten til å byte på fartøya i flåten med bakgrunn i vêrforhold, kapasitet og vedlikehald. Ver merksam på at slike endringar kan skje på kort varsel. Andre fartøy er kanskje ikkje like tilgjengelege for rullestolbrukarar og andre rørslehemma. Du kan få informasjon om fartøya ved å ringe kundesenteret vårt: +47 57 63 14 00