Hopp til innhald

Om The Arctic Train

Velkomen til Norges nordlegaste jernbane – ugløymeleg reise gjennom eit dramatisk og røft landskap og historiske hendingar. The Arctic Train opererer på den 43-kilometer lange Ofotbanen mellom Narvik og den svenske grensa.

Ofotbanens dramatiske historie

Den fulle lenga til Ofotbanen går frå Kiruna i Sverige til hamna i Narvik. Ofotbanen vart ferdigstilt seint i 1902 og offisielt opna 14. juli året etter. Den tok berre 5 år å byggje, men planlegginga starta lenge før. Det britiske selskapet Swedish and Norwegian Railway co Ltd fekk så tidleg som 1882 løyve til å byggje ein jernbane mellom dei store jernmalmfelta i Nord-Sverige til den isfrie norskekysten. Etter eit par års arbeid gjekk britane konkurs og prosjektet vart ståande på vent til dei norske og svenske regjeringane bestemte seg for å ferdigstille den i 1898. Eksport av jernmalm frå Sverige var bakgrunnen for å byggje ein jernbane her, og det er framleis den viktigaste funksjonen i dag. Fram til i dag har den frakta meir enn 1 milliard tonn malm.

Å byggje ein jernbane her var eit ekstremt prosjekt på grunn av det tøffe klimaet og den ugjestmilde naturen. Anleggsarbeidarar, kalla Rallarar, kom hit frå andre stadar i Norge og Sverige. På det meste var det 5000 personar som jobba på jernbanen. I løpet av dei 5 åra det tok å byggje bana blomstra ein heil by opp i Rombaksbotn, inst i Rombaken. Her var det alt frå bakeri og butikkar, til hotell og kjeglebane. Så snart bana var ferdig reiste arbeidsfolka frå Rombaksbotn og i dag står berre grunnmurar att.

Nær 40 år seinare var Narvik og Ofotbanen igjen i verdas søkelys. Andre verdskrig var i gang og det var stort behov for jern, noko som gjorde Narvik til eit interessant mål. Tyskarane slo til på morgonen den 9. april og kampen om Narvik var i gang. Ein kamp som varte i 62 dagar som involverte allierte styrkar frå Norge, Storbritannia, Polen og Frankrike. Dei allierte kapitulerte den 10. juni, 5.800 menneskeliv seinare.

Lær meir om den interessante historia på guideappen om bord.

Nye opplevingar med The Arctic Train

The Arctic Train starta ruta mellom Narvik og den svenske grensa i mai 2020. Toget går året rundt og tar deg med gjennom et vakkert landskap som skiftar frå fjordutsikt til arktisk høgfjellsterreng.

Dei tre vognene har ein maksimumskapasitet på 247 passasjerar, og ein veg frå Narvik til Bjørnfjell tar litt over ein time. Toget sakkar ned når det passerer interessante og spesielt fine plassar langs ruta, og det passerer stasjonane Rombak, Katterat og Søsterbekk.

Planen er at ruta skal gå heilt til Abisko, forbi den svenske vintersportsstaden Riksgränsen. Her vert det mogleg å kombinere togturen med artige snøopplevingar på vinteren. Så lenge grensa er stengt på grunn av smitteverntiltak går The Arctic Train tur/retur Bjørnfjell.