Vi har endra namn
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Visit Flåm har blitt til Norway's best.
Dei klassiske bilferjene mellom Gudvangen og Kaupanger tek deg med på ei reise gjennom nokre av dei vakraste fjordlandskapa i Noreg. Du seglar gjennom fjordar som står på UNESCOs verdsarvliste, mellom majestetiske fjell, i vill natur og til idylliske bygder.
Ferjeturen er ein unik sjanse til å oppleve fleire av dei vakraste fjordane i Noreg – på same tur: Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden og Sognefjorden. Dei klassiske bilferjene tek deg med på eit fjordcruise på 48 kilometer (39 miles) – med det flottaste fjordlandskapet på Vestlandet på kloss hald.
Rutetider: Fjord Cruise Sognefjord 2021
Bilpakke: Når du bestiller eit kjøyretøy, er sjåføren inkludert i prisen!
Velg "1 reisende" når du bestiller bilpakken! Dette produktet inkluderer: bil, sjåfør og opptil 4 passasjerar. Gjelder kun for bilar opp til 6 meter.
Ein klassisk og historisk fjordtur, som har vore i drift sidan 1875
Dersom du tek ferja frå Gudvangen, startar cruiset gjennom den smale og majestetiske Nærøyfjorden. Når snøen smeltar i juni kan du sjå inntil 25 fossar, for eksempel Kjelfossen i Gudvangen, som har eit fritt fall på 840 meter.
Turen går vidare gjennom Aurlandsfjorden, som også står på UNESCOs verdsarvliste. Inst i fjorden, seglar ferja langs den vesle bygda Frønningen. Bygda er utan vegsamband. Du kan berre kome dit med båt. Her kan du sjå den legendariske herregarden Frønningen som dreiv med skogbruk – ein historisk storgard som ligg ved fjorden.
Praktisk info
Bilar og bussar kan reise på turistbilfergene, men kapasiteten er begrensa, og vi anbefaler å bestille bilplassen på førhand.
For booking av bussar vennligst kontakt oss.
Vi transporterer ikkje kjøyretøy med farlig gods (som lastebilar med dynamitt eller farlege kjemikalier)
Bilferjene MF Hardingen Sr. (1966) og MF Skånevik (1967) er typiske klassiske norske fjordferjer. Både MF Hardingen Sr. og Skånevik er freda.
Begge ferjene er tidlege HSD-ferjer, og har mange entusiastiske tilhengjarar rundt om i Noreg.
Du seglar forbi det 1775 meter høge fjellet Bleia. Fjorden under fjellet er nesten 1000 meter djup. Difor blir det sagt at “utan vatn i fjorden” er Bleia det høgaste fjellet i Noreg.
I idylliske Kaupanger kan du blant anna sjå ei av dei 28 bevarte stavkyrkjene i Noreg. Kyrkja er datert heilt attende til midten av 1100-talet.