Hopp til innhold

Brand Manager Myrkdalen

Norway’s best AS er eit av dei største reiselivsselskapa i Noreg som eig, utviklar og driftar norske kvalitetsreisemål og reiselivsprodukt i verdsklasse. Marknadsavdelinga vår er på jakt etter en brand manager for reisemål Myrkdalen. Hjå oss får du ei spanande stilling i eit framoverlent selskap med store vekstambisjonar. Du vil jobba med å koordinera kampanjar og marknadsføringsstiltak, konseptutvikling og profilbyggjing. I tillegg blir du ansvarleg for å initiera, driva og fullføra prosjekt saman med resten av avdelinga, og det er såleis viktig at du er trygg på å fungera som ein fagleg ressurs.

Du vil få stor fridom, og har ansvar for å planleggja og gjennomføra marknadsaktivitetar på tvers av prosjekt knytt til Myrkdalen og Norway’s best. I tillegg håpar me du er genuint oppteken av merkevarebygging, samt er resultatorientert. Stillinga skal vera med på å styrka og utvikla posisjonen vår til å vera ein av dei leiande aktørane i bransjen. 

ANSVARSOMRÅDE OG ARBEIDSOPPGÅVER:
•    Bidra til utvikling og gjennomføring av merkestrategiar og marknadsplanar for ansvarsområdet
•    Operativt ansvar for web/booking system/digitale flater på myrkdalen.no
•    Koordinera, planleggja og gjennomføra tiltak og kampanjar knytt til marknadsplanar
•    Ansvarleg for å fylgja opp utvalde byrå og samarbeidspartnarar. Derunder utvikling og samarbeid med dei digitale partnarane våre.
•    Ansvarleg for å fylgja opp alt marknadsrelatert arbeid i samband med Myrkdalen eigedom
•    Identifisera trendar, moglegheiter og utfordringar for forretningsområdet, samt initiera og gjennomføra konkrete tiltak som svarar på desse.
•    Bidra på lik linje med andre i avdelinga til å løyse sal- og marknadsrelaterte oppgåver utover kjerneområda.

ME SER ETTER DEG SOM: 
•    Har relevant utdanning og røynsle innan prosjektleiing, inbound marketing og merkevarebygging.
•    Har røynsle frå eit byrå eller ein marknadsavdeling, og gjerne har jobba med eit eller fleire CMS-system.
•    Er kreativ, engasjert og løysingsorientert, samt likar å driva prosessar vidare
•    Har kompetanse innan og interesse for digital marknadsføring
•    Kommuniserer sikkert og tydeleg på engelsk og norsk, skriftleg og munnleg. Nynorsk er ein stor fordel.
•    Jobbar sjølvstendig og samarbeider godt med andre

ME TILBYR:
•    Konkurransedyktige vilkår
•    Gode karrieremoglegheiter
•    Høve til å jobba med ein leiande aktør i ein svært framtidsretta bransje
•    Eit spanande og internasjonalt arbeidsmiljø
•    Ei sentral stilling i ei avdeling med høve til å påverka utviklinga i selskapet 

Høyres dette ut som noko for deg? I dag er det ni medarbeidarar i marknadsavdelinga som gler seg til å få nye kollegaer. Kanskje er det deg.

Arbeidsstad: Myrkdalen/Voss, men med pårekna reisetid til hovudkontor i Flåm    
Tiltreding: Etter avtale
Søknadsfrist: 17. juni 2021 

For spørsmål kring stillinga, ta kontakt med Even Hulleberg, Markedssjef, 99607639, even@norwaysbest.com

Søk på stillinga

Om Norway’s best:
Norway’s best AS (tidlegare Flåm AS) har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til eit av dei største turistreisemåla i Noreg.  I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,7 millionar gjestar. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50 % av Flåmsbana, 50 % av The Fjords og 33,5 % av Arctic Train. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og eit bakeri.

MYRKDALEN HOTEL
Myrkdalen Hotel på Voss er et fullservice helårshotell med driftsgrunnlag i nasjonal og internasjonal turisttrafikk og kurs/konferanse. Hotellet har 112 rom og seks F&B konsept. Myrkdalen Hotel har for tiden ingen ledige stillinger. 

MYRKDALEN FJELLHEISER
Myrkdalen Fjellheisar har sidan 2002 vokse til å verta eit av dei store skianlegga i Norge med 9 heisar og ein moderne maskinpark i drift. Me har 10 faste tilsette og i sesongen ca. 80 tilsette. Myrkdalen er ein del av konsernet ARU med hovudaktivitet i Flåm. Myrkdalen Fjellheisar har for tida ingen ledige stillingar. 

MYRKDALEN SKISKULE
Myrkdalen Skiskule har for tiden ingen ledige stillinger.