Hopp til innhold

Flåmsbanemuseet 100% fast stilling som butikkmedarbeidar

Stillinga er i hovudsak som butikkmedarbeidar ved Flåmsbanemuseet. Du vil i tillegg få oppgåver relatert til oppfølging av museet. Det inneber å ha utvida kunnskap om historia til Flåmsbana, oppdatere manuskript til og halde guida visningar og kontakt med vedlikehaldsavdeling med tanke på driftsmessige utbetringar av museet.

Norway’s best AS (tidlegare Flåm AS) har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til eit av dei største turistreisemåla i Noreg. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og meir enn 1,7 millionar gjestar. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50 % av Flåmsbana, 50 % av The Fjords og 33,5 % av Arctic Train. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og eit bakeri.

Me legg vekt på kundeservice, og søkjer difor etter deg som er ein serviceinnstilt person og som likar å arbeide i eit hektisk miljø. Du må trivast i lag med kundar og kollegaer.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vere:

  • setje kunden i fokus ved å gje god informasjon og yte god kundeservice
  • betjene kasse og ta kasseoppgjør
  • sørge for at det alltid er ryddig og at alle produkt er tilgjengeleg i butikken
  • produktkunnskap
  • være med på vareteljing
  • bidra til gode resultat gjennom eigen salsinnsats
  • kunnskap om historia til Flåmsbana
  • formidle historia til Flåmsbana på ein måte som engasjerer gjesten
  • delta på intern opplæring i museet, om historie og din evne til å formidle

Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt.

Du må beherske norsk og engelsk, munnleg og skriftleg på et profesjonelt nivå. I tillegg vert gode språkkunnskapar sett på som ein fordel.

Me ynskjer oss ein medarbeidar som er ein god formidlar, likar å ha direkte kontakt med kundar, er sal og serviceorientert, er godt kjent med digitale verktøy og har auge for detaljar.

Arbeidsstad: Flåm 

Tilsetting: 1. november 2021 eller etter avtale.

Ynskjer du meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Erica Edmundson på erica.edmundson@norwaysbest.com

Skriftleg søknad vert å senda innan 3. oktober til erica.edmundson@norwaysbest.com