Bestill nå
Beste tid å reise
Nynorske Litteraturdagar
20. - 21. oktober på Fretheim Hotel
Bestill billettar og festivalpass:
Reserver overnatting:
Helga 20. - 21. oktober opnar tradisjonsrike Fretheim Hotel dørene på nytt for litteraturfestivalen - Nynorske Litteraturdagar. Gjer deg klar for mørke haustkveldar med god stemning, særeigne omgjevnadar, litteratur og musikk.
I oktober har du moglegheita til å delta på ein intim litteraturfestival, fullspekka med kjende og ukjende aktørar innan musikk og litteratur.
Som ein del av De Historiske er Fretheim Hotel det perfekte vertskap for Nynorske Litteraturdagar. Hotellet i Flåm kan nesten reknast som ein institusjon, med sine 122 rom, eit topp moderne konferansesenter og den heilt utsøkte Restaurant Arven.
Få eit unikt innblikk i Nynorsk litteratur, språk, kunst og musikk. Det vert besøk av forfattarar som Lina Breidablik, Olaug Nilssen, Anders Totland og Frode Grytten. På laurdag 21. oktober står det klar for konsert med Daniel Kvammen og duoen frå Sogndal, Billa & The Kid.
Nynorske Litteraturdagar
20. - 21. oktober på Fretheim Hotel
Bestill billettar og festivalpass:
Reserver overnatting:
Debutant Lina Breidablik kjem til Nynorske litteraturdagar for å ta eit djupdykk i romanen hennar «Heime aleine». Boka har fått god omtale frå NRK som skriv: «Den perfekte vårboken. Lina Breidablik hyller hverdagens alminnelighet i en akkurat passe lang, og befriende morsom roman».
Daniel Kvammen er tilbake med ein heilt spesiell og intim konsertserie. Sidan debuten for sju år sidan er Kvammen vorte ein ekte folkekjær artist, som no har med seg eit utval kjende og kjære songar i akustisk drakt.
Sjølv seier artisten:
«Eg trur ikkje det har gått ein einaste kveld, i løpet av dei siste sju åra, med tusenvis av konsertar rundt om i Norge, utan at nokon i publikum har komme og spurt om eg kan gi ut ein akustisk versjon av favorittlåta deira. Det skal bli skikkeleg, skikkeleg stas å endeleg få gi folk det dei har spurt etter. Eg trur det kan bli nokre heilt magiske konsertar. Eg gler meg så utruleg til turne!»