Hopp til hovedinnhold
Gå tilbake til Inspirasjon

Fem flotte stølsturar

Turfølgje på veg over fjellet mot støl om hausten.
Myrkdalen

Fem flotte stølsturar

2 min lesetid

Reading progress

Gamle stølar i vakker vestlandsnatur er fine turmål for heile familien. I og rundt Myrkdalen ligg mange flotte stølar, og me har plukka ut fem enkle og varierte turar i området. Fire av turane har utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel og turen til Vetle Grungen er berre ein kort køyretur unna.

Mørkvesstølen

Mørkvesstølen ligg flott til ved ei lita elv vest for skisenteret. Du kan gå til stølen frå Myrkdalen Hotel eller du kan ta stolheisen og starta turen frå toppstasjonen. Startar du frå toppen av stolheisen, fylgjer du grusvegen mot Storhaugekspressen.

Ca. 50 meter før du når toppstasjonen tek du til høgre og går ved sida av eit lite tjørn før du dreier ned dalen til venstre. Vidare krysser du begge elveleiene og fylg sauetrakket/stien på høgre side av elva ned til Mørkvestølen.

© Sverre Hjørnevik

Svoleset

Svoleset ligg sør-aust for Myrkdalen Hotel, på andre sida av RV13. Fylg grusvegen 600 meter til Helgatun. Kryss skibrua over Rv. 13, vidare over brua ved Myrkdalselva og fylg merka sti til Bygdastølen. Her kryssar du brua over elva Kvanndøla og fylgjer blåmerka sti 4 km til stølen. Turen har ca. 450 høgdemeter totalt.

Vetlebotn

Stølane i Vetlebotn finn du midt i skisenteret, ved botn-stasjonane til trekka Kari-Traa og Kråni. Her ligg også den nye fjellstova vår, som byr på iskrem, kaffi og heimelaga lappar i heile sommar.

Frå Myrkdalen Hotel fylgjer du grusveg 600 meter til Helgatun og vidare oppover på ein sti i 1,1 kilometer. Ved stiskiljet tek du til høgre og går 300 meter opp til stølane i Vetlebotn. Tek du stolheisen til topps, fylgjer du vegen ein kilometer ned til stølane.

© Sverre Hjørnevik

Revhaugen

Stølane i Revhaugen ligg aust for Myrkdalen Hotel, på andre sida av RV13. Fylg grusveg 600 meter til Helgatun. Kryss skibrua over RV 13, vidare over brua ved Myrkdalselva og fylg ny merka sti til Bygdastølen. Ved Bygdastølen fylgjer du traktorvegen i 1,5 kilometer til stølane.

Vetle Grungen

Turen til Vetle Grungen startar ved Holo, ca. 10 minutt køyring frå Myrkdalen Fjellandsby retning Vik. Rett før hårnålsvingane parkerer du bilen og fylg stien som går nordover. Turen går fyrst bratt oppover (ca. 200 høgdemeter) til Vetla Grungavatnet. Herfrå er slakar det ut den siste kilometeren til stølane.

© Kyrre Wangen

Vis omsyn

  • Vis omsyn til utmarksnæringane
  • Lukk att grinder etter deg
  • Vis omsyn for andre brukarar av utmarka
  • Ikkje forstyrr dyr og fuglar
  • Alt vilt er freda med unntak av lovleg jakt
  • Det er bandtvang frå 1. april og så lenge husdyra beitar
  • Motorferdsel er forbode utan særskilt løyve
  • Fri ferdsel skal ikkje vera til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Vis omsyn til naturen
  • Det er forbode å kasta søppel i naturen
  • Alle må retta seg etter krava frå oppsynsmannen i området

Relaterte artiklar

Sjå alle artiklar