Julegåvetips: Oppfyll draumar med et gåvekort frå Norway's best
4 min lesetid
Reading progress
Når kjende julesongar igjen høyrast på radioen, kjenner du kanskje at førjulsrushet kjem snikande. Midt i alt som skal gjerast ynskjer du å finna ei gåve som faktisk betyr noko. Med eit gåvekort frå Norway’s best gjev du nettopp det: fridommen til å velja ei oppleving som skapar forventning, glede og minne som varar lenge etter at jula er over.
Gje eit gåvekort i julepresang
Gled ein du bryr deg om med ein minneverdig oppleving!
Me har samla nokre tips til kva eit gåvekort hjå oss kan brukast til. Men hugs, den du gjev til veljar heilt sjølv. Moglegheitene er mange!
Gåvekort som gjev skiglede i Myrkdalen
For dei som elskar fart, snø og frisk fjelluft, er Myrkdalen den ultimate staden å bruke gåvekortet. Her kan gåvekortet enkelt bytast inn i heiskort, sjølve nøkkelen til ein perfekt skidag. Med tilgang til nypreparerte løyper, familievennlege bakkar og spennande offpist-moglegheiter ligg alt til rette for timevis med skiglede.
Gåvekortet kan òg brukast til overnatting på Myrkdalen Hotel. Då vaknar ein midt i fjelleventyret, trer rett i skistøvlane og er blant dei fyrste som set spor i snøen. For dei som vil løfta ferdigheitene sine, gjev skiundervisning både meistring og nyttige teknikkråd.
Og når dagen i bakken er over, stoppar ikkje moroa der. Gåvekortet kan òg brukast til ein fartsfylt aketur eller ein roleg trugetur gjennom vinterlandskapet.
Ein tur til Flåm byr òg på opplevingar som får pulsen opp. Med kan ein suse gjennom dalen i opptil 100 km/t, medan inviterer til RIB-tur mellom dramatiske fjell og fossar, ein unik måte å oppleva dei UNESCO-verna fjordane på.
For matentusiasten finst det få gåver som slår eit kulinarisk måltid, og eit gåvekort frå Norway’s best opnar døra til nokre av dei mest spennande smaksopplevingane til regionen. På ligg restauranten , der kjøkkensjef Mantas Vaidelis komponerer ein stadig skiftande 8-rettars meny basert på lokale og sesongbaserte råvarer. Dette er fine dining som utforskar smakane frå Vestlandsnaturen. I tillegg tilbyr Kest både sider- og ostesmaking, perfekt for ein som liker å kosa seg. Kest er ope frå mai til september. Hotel Aurlandsfjord er også ein idyllisk base for alle som liker det som er stille og naturnært, med moglegheit for å starta dagen med fjordluft og ein roleg frukost i vakre omgivnader.
Spennande smakar
I Flåm freistar med elegante rom, historiske detaljar og matopplevingar som set stemninga for eit uforgløymeleg opphald. Ei natt her betyr mjuke hotellsenger, varme badekåper og ein frukost som gjer det enkelt å starta dagen på best mogleg vis. På får gjestane nyta lokale smakar medan blikket kviler på fjell og fjord.
I Myrkdalen kan gåvekortet brukast til å kombinera fjellopplevingar og god mat. Hotellet byr på komfort midt i fjelleventyret, og på Restaurant Nuten blir ein servert kortreiste rettar inspirert av naturen rett utanfor døra. For dei som ynskjer noko ekstra spesielt, gjev Afternoon Tea i Myrkdalen ein smak av klassisk luksus med delikate smårettar og eit glimt av eleganse frå 1800-talet.
Tenk å vakna opp i ei mjuk hotellseng og rusla ned til hotellfrukost, der dufta av nybryggja kaffi og ferskt brød fyller lufta.
Hagekonsert og Fjellatter - opplevingar du kan gje bort
Eit gåvekort frå Norway’s best gir ikkje berre tilgang til matopplevingar, overnatting og aktivitetar. Det kan også bytast inn i billettar til nokre av årets mest populære arrangement i Flåm og Myrkdalen. Her finst alt frå barneteater og nissetog til garasjefestar og smakfulle mat- og drikkopplevingar.
Eit av høgdepunkta i sommar er den årlege på Fretheim Hotel. Når hagen vert forvandla til ei intim konsertscene med stolar, lys og sommarvarme, vert det skapt ein heilt spesiell atmosfære. I år er det Marit Larsen, aktuell frå «Hver gang vi møtes», som fyller hagen med musikk idet sommaren står for døra. Gåvekortet kan løysast inn i billettar, og du kan gje bort ein perfekt datekveld eller ein hyggjeleg sommarkveld med heile familien.
I Myrkdalen vert humorfestivalen Fjellatter arrangert for tredje gong i september, og er dermed godt på veg til å bli ein tradisjon. Her samlast nokre av Noregs beste komikarar til ei heil helg fylt med humor og latter. Festivalen har allereie vorte ein folkefavoritt på tvers av generasjonar, og eit gåvekort kan enkelt bytast inn i festivalbillettar, sjølve inngangsbilletten til det morosamaste fjelleventyret i haust.
Gi bort en god latter
Ein nasjonalromantisk oppleving
Ei oppleving som fyller minnebanken er alltid ei velkommen gåve, uansett kor mykje ein har frå før. Gåvekortet kan brukast til ei tur-retur-reise med , ofte omtalt som ein av dei vakraste togturane i verda. Eller kanskje ei reise med på den UNESCO-verna Nærøyfjorden freistar meir?
Same kva ein vel, tilrår me eit stopp innom før avgang. Med ferske bakarvarer i sekken vert turen både smakfull og minneverdig.
Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk!
Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.
Kvitkledde vidder, glitrande snø og mektige fjell. Kupert terreng som skapt for langrenn- og fjellskiturar. Magisk vinterlys over fjorden, kvilepuls og store naturopplevingar.