Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen

Kva skjer i Myrkdalen i vinter?

Planlegg vinteren! Her finn du ein kalender med oversikt over alt som skjer i Myrkdalen sesongen 2025/2026.

Skikøyrar i lufta med sol og blå himmel i bakgrunnen

Veit du allereie no kva for helgar du skal til fjells? I kalenderen finn du oversikt over arrangement og alt som skjer gjennom heile skisesesongen. Ikkje gå glipp av noko!

Skisesongen 2025/2026

Skaff deg oversikt

I vekesprogrammet finn du dei faste aktivitetane og arrangementa me har kvar veke gjennom heile vinteren.

Spennande aktivitetar i Myrkdalen

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Hundekøyring

Kvar fredag heile vinteren har du høve til å nyte det vakre vinterlandskapet i Myrkdalen frå hundesleden!

Frå / per person

Frå fjell til fjord

Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og ta bussen til Flåm. Nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ei UNESCO-verna perla, og ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.