Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen Skisenter

Opningstider og løypekart

I Myrkdalen finn du alt frå familievenlege grøne løyper, lange blå for nybyrjarar og meir krevjande svarte for dei mest erfarne. Sjå opningstider og løypekart med beskriving under.

Under finn du opningstider for skisenteret og alle serveringsstadane i Myrkdalen.

Merk at endringar kan førekoma, sjekk

Opningstider

Løypekart Myrkdalen

Løypekart

Myrkdalen har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løype og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste.

Sjå fullstendig løypekart.

Her finn ein alt frå familievenlege grøne løyper, lange blå for nybyrjarar og meir krevjande svarte for dei mest erfarne.


24 varierte løyper

Me har eit samanhengande løypenettverk, med totalt 24 varierte løyper i alle vanskegradar. Tilsaman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Køyrer du frå toppen av anlegget som ligg på 1060 moh, får du tre kilometer med skikøyring og 610 høgdemeter før du igjen står utanfor Myrkdalen Hotel. Løypene våre er breie og oversiktlege - Myrkdalen er difor ein perfekt plass å læra seg å stå på ski.

Sjå løypeskildringar her

Treng du skiundervisning og utstyr?