Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen

Legendenes passasje: Huldra

The Legend's Passage: Huldra –

English text below.

Høyr historia her eller les sjølv nedanfor:

Huldra

Har du nokon gong vandra i skogen eller på fjellet og kjent på mystikken og lengselen, som lokkar og dreg mellom frodige bjørketrær og høge nutar? Ja, då har du kanskje kjent på den same krafta og lengselen som gav liv til eit av folketrua sine mest sentrale vesen, nemleg huldra og huldrefolket.
Eit naturvesen som budde i ei anna verd, tett på, men likevel langt vekke. Huldra var av dei underjordiske og hadde sitt rike i haug og berg. I denne underverda var rikdomen stor og gardane større og frodigare enn noko anna stad. Ja, her levde Huldra, som ein usynleg nabo til gard og støl, den vakraste og friaste, sterkaste og modigaste kvinna verda nokon gong har sett. Sjølv kor vakker og lokkande ho var, var det likevel ein ting som skilde huldra frå det jordiske folk, ho hadde rove av same slag som kyra.

Namnet huldra kjem av det gamalnorske ordet «hylja», som betyr å gøyme eller skjule. Eit gamalt segn fortel korleis huldrefolket kom til og fekk dette namnet.

Då Eva ein dag vaska borna sine i ei kjelde, ropte Gud brått på Eva. Forskrekka støytte ho vekk dei borna som endå ikkje var vorte reinvaska. Då Gud spurte om alle hennar born var til stades svara ho ja, men fekk til svar. «Det du har prøvd å skjula for gud, skal også bli skjult for menneska!» og soleis kom huldrefolket til.

I gamle dagar var so og sei alle kristne. Trua på himmel og helvete var ei vedtatt sanning, men like fullt trudde dei på Huldra. Medan trollet og nøkken alltid har hatt sin plass i eventyra, var huldra heilt verkeleg. Kvar jol måtte det malast krossar på stovedørene, so huldrefolket og anna utyske ikkje kom inn og gjorde skade. Borna måtte døypast so snøgt som råd, for huldra hadde slik ei makt og elsk over borna før dei var døypte. I verste fall kunne huldra byta det udøypte barnet med sitt eige.

For det var soleis, at huldra hadde ei dragning mot menneska og verda som huldrefolket ei gong vart støytt vekk frå. Samstundes kunne menneska bli lokka mot det uendeleg vakre vesenet, som bar på mystikken og draumen om lykke og velstand.
Med denne dragninga mellom huldrefolket og menneska, hende det av og til at porten mellom huldreriket og den jordiske verda opna seg. Det var helst kring stølane, i fjella og skogen at huldra viste seg for menneska. Dei som fekk oppleva møtet med huldra, gløymde det aldri. Eit møte som var både vakkert og farleg på same tid. Med sitt lokkande, mystiske og uendeleg vakre vesen kunne ho få makt over den som møtte ho. Med denne makta og med trollbindande tonar, ville huldra lokka sin utvalde med seg, til riket sitt, i haugen eller berget.Ho utnytta den farlege lengselen i menneska, lengselen etter rikdom og kjærleik.
For dei som ikkje greidde å motstå denne freistinga og vart verande i haug og berg, enda det skjeldan godt. Rikdom og kjærleik, det fekk dei, men for dei som hadde slått fylgje med huldrefolket på livets veg, venta helvete og skjærselden i etterlivet. Somme kom aldri attende, men dei som slapp ut, vart ofte tomsingar og veikhelsa. For det var slik, at om viljestyrken var sterk nok, kunne ein alltids fri seg frå makta til huldra. Sa ein guds ord eller kasta stål over huldra ville ein med eit verta slept fri frå makta til huldra og huldreriket.

Men, huldra var ikkje berre lunefull og farleg. Ho kunne vera både raus og gåvmild, men like fullt var ho glad i å narra og terga menneska. Mjølkespann som velta, fiskefangstar som forsvann og uskyldige uhell vart ofte huldra skulda for. Frå haugen, kom det gjerne både skratting og knising eller spitande kommentarar etter slike hendingar. For dei som lot vera å forbanne og spita huldra, kunne det venta både hjelp og løn. Ja, det var viktig å halda seg inne med huldrefolket, både som vern frå huldra si lunefulle og farlege side, men like fullt som ei von om ei hjelpande hand.
Soleis vart skikken til, at når folket flytta heim frå stølen om hausten, sette dei alltid att rikeleg med mat til huldrefolket. For det var slik, at når stølen stod tom flytta huldrefolket inn.

Ikkje før på 1940- talet vart det framkomeleg med bil til Myrkdalen. Som den avstengde staden Myrkdalen lenge var, levde dei gamle skikkane, forteljarkunsten og den gamle folketrua lenge i Myrkdalen. I denne trua stod huldra sterkt og forteljingar om møte med «Hùldatyssjo» finst det mange av. Slik som denne, som fann stad der du står no;

På stølen Røvhaugen er det mange store haugar og i desse skulle huldrefolket ha tilhald. Ei gong i tida, om lag 1785, var det nokre born som held til å leika i ei sandhola i ein av desse haugane.
Der grov dei og fann mold som dei laga seg «ost» av. Noko mold var raud og denne skulle liksom vera brimost, so fann dei mold som var drivande kvit og av den laga dei kvitost.
Medan dei dreiv og grov kom dei ned på eit lite hål, det vart vidare og vidare til lenger ned dei grov.
Til sist byrja det å koma so stygge lydar ut frå hola. Ungane vart so redde at dei rømde, men han Mons Flisram blei igjen. Når dei vaksne gjekk for å henta han var han vorte heilt galen, og spente og støyrde. Til slutt måtte dei ta han å bera han inn igjen. Då greidde han ikkje å gå og so vart han liggande sjuk lenge. Etter dette var Årmots-budeiene bort og sleppte pengar ned i denne hola, som forlik til huldrefolket og at det ikkje skulle verta noko med borna deira seinare. Han Mons var om lag 12 -13 år gamal når dette hende. Han hadde alltid vore frisk og rask, men etter dette vart han krank alle sine dagar.


I dag visar ikkje huldrefolket seg for menneska lenger. Før var dei gøymde, i dag er dei nesten gløymde. Men, hugs at huldra alltid er der og gjer naturen både mystikk og kraft. Den same krafta som lokkar og dreg i oss menneska, for å oppleva det som er bak neste haug eller fjell. Det er som dei gamle sa;

«Det er like mange under jorda som over jorda, det er fot mot fot og klauv mot klauv.»

Skrive av: Ole Kristian Årmot

Kjelder: Bjørgaas, K. (1945). Or Gommol Ti V. Voss: Folkeminnenemndi på Voss.

Haukenes, Th.S. (1906). Norsk sagnskat. 2 : Huldrefolk og kristenfolk : kulturvidenskab og morskabslæsning for unge og gamle. I kommission hos C. Floor.

Ulstrup, Å. (1993). Huldra: Den farlege lengten. Det norske samlaget.

Huldra (English)

Have you ever wandered through the forest or in the mountains and felt the mystique and longing that beckons and pulls you between lush birch trees and tall peaks? If so, you may have felt the same power and yearning that gave life to one of folklore's most central beings, namely the huldra and the huldrefolk.

A supernatural being that resided in another world, close yet far away. Huldra was one of the underground creatures and had her realm in mounds and rocks. In this underworld, wealth was abundant, and farms were larger and more fertile than anywhere else. Here lived Huldra, like an invisible neighbor to farms and mountain pastures, the most beautiful and free-spirited, the strongest and bravest woman the world has ever seen. Despite her beauty and allure, one thing set huldra apart from earthly people: she had a tail similar to a cow's.

The name "huldra" comes from the Old Norse word "hylja," which means to hide or conceal. An old legend tells how the huldrefolk came to be and received this name.

One day, while Eve was washing her children in a spring, God suddenly called for her. Startled, she pushed away the children who had not yet been thoroughly washed. When God asked if all her children were present, she replied yes but received the response, "What you have tried to hide from God shall also be hidden from humans!" And thus, the huldrefolk came into being. In ancient times, nearly everyone was Christian. Belief in heaven and hell was an established truth, yet they believed in Huldra wholeheartedly. While trolls and water spirits (nøkken) always had their place in fairy tales, huldra was entirely real. Crosses had to be painted on the doors of houses every Christmas so that the huldrefolk and other supernatural beings would not enter and cause harm. Children had to be baptized as soon as possible because huldra had such power and influence over them before they were baptized. In the worst case, huldra could replace an unbaptized child with her own. It was said that huldra had an attraction to humans and the world they were banished from. At the same time, humans could be drawn to the endlessly beautiful creature that carried mystery and dreams of wealth and prosperity. With this pull between the huldrefolk and humans, there were times when the gateway between the huldra realm and the earthly world would open. It mainly happened around mountain pastures, in the mountains, and in the forest. Those who had the chance to meet huldra never forgot it. A meeting that was both beautiful and dangerous at the same time. With her enticing, mysterious, and endlessly beautiful presence, she could gain control over those who encountered her. With her power and enchanting melodies, she would lure her chosen one into her realm, inside the mound or mountain. She exploited the dangerous longing within humans, the yearning for riches and love.

For those who couldn't resist this temptation and stayed within the mound or mountain, it rarely ended well. They obtained wealth and love, but those who had followed the huldrefolk on the path of life often faced hell and purgatory in the afterlife. Some never returned, but those who did often became simpletons and weaklings. For it was such that if one's willpower was strong enough, one could always free oneself from huldra's power. By saying God's words or throwing steel over huldra, one could be released from huldra's grasp and the realm of the huldrefolk.

However, huldra was not just whimsical and dangerous. She could also be generous and giving. But still, she enjoyed fooling and teasing humans. Spilled milk pails, disappearing catches of fish, and innocent accidents were often blamed on huldra. From the mound, there would often be laughter and giggles or mocking comments after such events. For those who refrained from cursing and mocking huldra, both help and rewards would come their way. It was crucial to stay in good favor with the huldrefolk, both as protection from huldra's capricious and dangerous side and as hope for a helping hand.

So the custom developed that when people returned home from the mountain pastures in autumn, they always left behind an abundance of food for the huldrefolk. It was believed that when the mountain pasture was empty, the huldrefolk would move in.

It wasn't until the 1940s that it became accessible to drive to Myrkdalen. As the secluded place Myrkdalen once was, old customs, storytelling, and ancient folklore persisted there for a long time. In this belief, huldra was prominent, and there are many stories of encounters with "Hùldatyssjo," such as this one that took place where you are now:

At Røvhaugen mountain pasture, there are many large mounds, and in these, the huldrefolk were said to dwell. Once upon a time, around 1785, some children were playing in a sandpit inside one of these mounds. There, they dug and found soil they used to make "cheese." Some of the soil was red, and they pretended it was cheese. Then they found soil that was incredibly white, and they used it to make white cheese. While they were digging, they reached a small hole that kept getting bigger and bigger the deeper they dug. Suddenly, terrifying sounds started coming from the hole. The children were so scared that they ran away, but one boy, Mons Flisram, remained behind. When the adults went to fetch him, he had gone completely mad and was twitching and making noises. Eventually, they had to carry him back. After that, Mons couldn't walk properly and was sick for a long time. From then on, Årmots' milkmaids left money in this hole as an offering to the huldrefolk, hoping that it would protect their children. Mons was around 12 or 13 years old when this happened. He had always been healthy, but after that day, he became sick for the rest of his life.

Today, the huldrefolk no longer reveal themselves to humans. Before, they were hidden; now, they are nearly forgotten. But remember that huldra is always there, infusing nature with both mystery and power. The same power that entices and pulls at us humans, encouraging us to explore what lies beyond the next hill or mountain. As the old saying goes: "There are just as many beings below the earth as above it, foot against foot and hoof against hoof."

Written by: Ole Kristian Årmot.

Translation by: Kim Bagge.

Sources: Bjørgaas, K. (1945). Or Gommol Ti V. Voss: Folkeminnenemndi på Voss.

Haukenes, Th.S. (1906). Norsk sagnskat. 2 : Huldrefolk og kristenfolk : kulturvidenskab og morskabslæsning for unge og gamle. I kommission hos C. Floor.

Ulstrup, Å. (1993). Huldra: Den farlege lengten. Det norske samlaget.