Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen

Legendenes passasje: Lisbet-Per

The Legend's Passage: Lisbet-Per –

English text below.

Høyr historia her eller les sjølv nedanfor:

Lisbet- Per

I eldgamal tid kom det ein gong ein ung gut til Myrkdalen. Guten vart kalla for «Lisbet-Per» og skulle vera om lag 13- 14 år gamal då han kom til dalen. Han og mora, Lisbet, var med i eit fantefylgje som kom reisande over fjellet til Myrkdalen. Lisbet skulle vera som ei sotete kråka og med seg hadde ho ein mann som vart kalla for «Svarte- Bertul».
Heime i Mykdalen, i gamlevegen, ikkje langt frå garden Nesheim, vart det slåstkamp mellom fantane. Lisbet ville hjelpa han «Svarte-Bertul», men fekk sørgjeleg nok eit knivstikk og døydde av skadane. Ved midnattstid vart den daude kroppen til Lisbet gravlagd i ei steinurd, då vakna folket i Myrkdalen av fantane som hylte og skreik, verre enn gråbein. Plassen der Lisbet vart drepen, vart sidan kalla Daudingabrekko, her var det mange som seinare såg både svev og spøkeri. I all tid sidan, kunne ein på uvêrsdagar sjå blodspora etter Lisbet, på ein stein som låg attåt vegen der.

Det seiest at han «Svarte-Bertul» seinare vart halshoggen for drapet av ein prest i Valdres. Skikken tru vart han gravlagd på rettarstaden, men morgonen etter fann dei grava hans open. Magen hans var oppskoren og den høgre armen mangla.

Han «Lisbet- Per», som no var vorten foreldrelaus, tok seg inn på garden Nesheim og vart verande der som gjetargut. Han var både flittig og flink, og hadde eit uvanleg godt lag med dyra.
So hende det ein kveld at han «Lisbet- Per» ikkje kom heim igjen med sauene. Dei leita og leita, men «Lisbet- Per» var som sokken i jorda. Til slutt fann dei kniven hans ved ein berghammar opp under Fossaberget. Det var ikkje kva som helst berghammar, for i denne hammaren budde huldrefolket. Dei skjønna med det same at huldra hadde fått makt over «Lisbet-Per» og tatt han med inn i huldreriket.
Dei prøvde det som prøvast kunne. Dei strødde Kyrkjegårdsjord ved berget og dei banka på berget med både stål og arvesølv, men «Lisbet- Per» var og blei borte.
So leid det ut på hausten. Då skjedde det tidleg ein sundagsmorgon, at «Lisbet- Per» kom springande inn døra på Nesheim. Han var heilt forstyrra og tok med det same opp ein kniv som låg på bordet. Med den skar han eit kors på veslefingeren sin. Med det same høyrde dei skrik og jammer utanfor stova, men «Lisbet- Per» han berre lo, og ropte so høgt han kunne:

«Du fekk ingen mann i dag heller Guro Grebbe»

«Nei, eg trødde på rova mi og stupte, for eg hadde gløymt å klyppa tagle» , Svara Huldra.

Etter tida hjå huldrefolket ville ikkje Per lenger vera gjetargut, men byrja heller som tenestedreng hjå bonden på Nesheim. Då året var omme hadde han nye klede og tre dalar i lomma. Av desse gjekk han å kjøpte seg ei fele, men då Per kom heimatt med fela vart husbonden sint. Han meinte dette var bortkasta pengar, for Per kunne verken stemma eller spele på fela.
Då sette han Per seg i høgsetet i stova, stilte fela og du skal tru fela let. Slikt felespel hadde aldri før vore høyrt i Vossebygda, det var som om spelet både lo og gret, og tok han det heilt ut so byrja føtene til folket å dansa, om dei so ville eller ikkje. Slik hadde han att for sommaren i berget, han hadde lærd felekunsten hjå huldrefolket, ja, det var trolldom i spelet til han Lisbet- Per.

Sidan vart Per gift med ei enkja i Nærøydalen og med ho fekk han garden Gudvangen og vart ein velhalden mann. Det var rikeleg med laks i elva i Gudvangen og Per han spela dei til seg med fela si. Det vart soleis lite laks att til bonden på Ramsøy, på andre sida av elva. Ramsøymannen var i eiga av svarteboka og i sinne fekk han fanden til å koma å spela om kapp med han Per.

Ja, dei sat på kvar si sida av elva, Per på den eine og fanden på den andre. Meir og meir fisk samla seg på Ramsøysida då Per ropte til fanden: «Meistar finne og sin meistar – å du er min, men kom her – lat meg sjå på fela di»

«Jau, det kan du no få!», sa fanden og kom over til Per. Korleis det bar til er ikkje godt å seie, men Per såg sitt snitt til å rissa eit kors i felehalsen til fanden. So gjorde dei seg avtale at om Per tapte kappspelet so måtte han høyra fanden til. Om so Per skulle vinna, ja, so skulle fanden rydda heile bøen til Per for stein. So sette dei seg til å stryka på fela, men fanden fekk ikkje ein tone fram og med det same rauk alle strengene av fela. Per han spela so tre store laks spratt rett i fanget på han. No skjønna fanden kva som hadde skjedd og sint som han var skreik han:

«Svarte-Bertul sitt armbein til felehals og tarmane hans til strenger – likare fela har eg ikkje hatt på lenge!».

Fanden lova so, at Per ein gong skulle få betala for pusset sitt, men avtalen måtte han fylgja og sidan den dag har det ikkje vore so steinfri mark nokon annan stad i Nærøydalen.

Den siste spelemannsferda han Per reiste på gjekk til Hamarsbøen i Hol i Hallingdal. Det skal ha vore av dei største festane Hallingdalen nokon gong hadde sett. Her spela han Per so både gryter og kar dansa og mange vart sengeliggande og uføre i lang tid etterpå. På heimveg frå denne ferda gjekk Per gjennom isen på fjellet og vart aldri sett igjen. Det gjekk seg slik, at same kveld kom to reinsjegerar forbi. Dei såg noko underleg ute på isen og gjekk ut for å sjå. Der låg fela til «Lisbet- Per» å klunka og jamra seg. Kring råken i isen låg det fleire møkaklattar, desse hadde tært på isen og gjort den svak. Å det seiest slik, at det var fanden sjølv som hadde lagt i frå seg desse, for slik å få hemn over Lisbet Per.

Per var den fyrste av ei lang rekke spelemenn frå Myrkdalen, som batt saman musikken med naturen og gav liv til den mystiske folketrua som stod heilt sentralt i dagleglivet i Myrkdalen.

Skrive av: Ole Kristian Årmot

Kjelder: Bjørgaas, K. (1945). Or Gommol Ti V. Voss: Folkeminnenemndi på Voss.
 Sivle, P. (1910). Skrifter 3. Kristiania: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag.

Lisbet-Per (English)

In ancient times, once upon a time, a young boy arrived in Myrkdalen. The boy was known as "Lisbet-Per," and he was around 13-14 years old when he came to the valley. He and his mother, Lisbet, were part of a group of wanderers who traveled over the mountains to Myrkdalen. Lisbet was dressed like a sooty crow, and she had with her a man known as "Black-Bertul."

Back in Mykdalen, in the old road, not far from Nesheim Farm, a fight broke out among the wanderers. Lisbet wanted to help "Black-Bertul," but sadly, she was stabbed and died from her injuries. At midnight, Lisbet's lifeless body was buried in a stone cairn. The people in Myrkdalen were awakened by the cries and screams of the wanderers, worse than any ghost. The place where Lisbet was killed was later called Daudingabrekko, and many claimed to have seen apparitions and strange occurrences there. For all time since, on stormy days, one could see the bloodstains from Lisbet on a stone by the road.

It is said that "Black-Bertul" was later beheaded for the murder by a priest in Valdres. According to custom, he was buried at the execution site, but the morning after, they found his grave open. His belly had been cut open, and his right arm was missing.

"Lisbet-Per," now orphaned, found his way to Nesheim Farm and stayed there as a shepherd boy. He was both diligent and skilled and had an extraordinary rapport with the animals.

Then, one evening, "Lisbet-Per" didn't return home with the sheep. They searched and searched, but "Lisbet-Per" was as elusive as a sock in the earth. Finally, they found his knife near a rock beneath Fossaberget. It wasn't just any rock; it was inhabited by the huldrefolk (hidden people). They understood immediately that the huldra had gained power over "Lisbet-Per" and taken him into the hulder realm.

They tried everything they could. They scattered churchyard soil by the rock, and they pounded on the rock with both steel and heirloom silver, but "Lisbet-Per" remained lost.

Time passed, and it was early one Sunday morning in the autumn when "Lisbet-Per" came running through the door of Nesheim Farm. He was completely disturbed and immediately picked up a knife from the table and carved a cross on his little finger. As soon as he did this, they heard screams and wailing outside the living room, but "Lisbet-Per" just laughed and shouted as loudly as he could:

"You didn't get a man today either, Guro Grebbe!"

"No, I tripped on my tail and fell because I forgot to clip my tagle," replied the Huldra.

After his time with the hulderfolk, "Lisbet-Per" no longer wanted to be a shepherd boy but started working as a servant for the farmer at Nesheim. When the year ended, he had new clothes and three dollars in his pocket. Out of these, he went and bought himself a fiddle. However, when "Lisbet-Per" came home with the fiddle, the farmer was angry. He thought it was a waste of money because "Lisbet-Per" couldn't tune or play the fiddle.

Then, "Lisbet-Per" sat in the high seat in the living room, set up the fiddle, and you wouldn't believe the fiddle's sound. Such fiddling had never been heard in Vossebygda; it was as if the fiddle itself both laughed and wept, causing the people's feet to dance, whether they wanted to or not. Thus, he had learned the art of fiddling from the hulderfolk during his time in the mountains; yes, there was enchantment in "Lisbet-Per's" playing.

Later, "Lisbet-Per" married a widow in Nærøydalen, and with her, he acquired the Gudvangen Farm, becoming a prosperous man. There was an abundance of salmon in the river in Gudvangen, and "Lisbet-Per" played them to him with his fiddle. Consequently, there was little salmon left for the farmer on the other side of the river, Ramsøy. The Ramsøy farmer owned the black book and, in anger, he summoned the devil to come and compete with "Lisbet-Per" in playing the fiddle.

Yes, they sat on opposite sides of the river, "Lisbet-Per" on one side and the devil on the other. More and more fish gathered on the Ramsøy side as "Lisbet-Per" called out to the devil: "Master devil and my master - you are mine, but come here - let me see your fiddle."

"Well, you can have it!" said the devil and came over to "Lisbet-Per." How it all happened is not easy to explain, but "Lisbet-Per" seized the opportunity to carve a cross on the fiddle's neck. Then, they made an agreement: if "Lisbet-Per" lost the contest, he would belong to the devil. If "Lisbet-Per" won, the devil would clear all the stones from "Lisbet-Per's" meadow. They began to play their fiddles, but the devil couldn't produce a single note, and all the strings on his fiddle snapped. "Lisbet-Per" played until three large salmon jumped straight into his lap. The devil realized what had happened and, in his anger, he shouted:

"Black-Bertul's arm bone for a fiddle neck and his intestines for strings - I've never had a fiddle as good as this!"

The devil promised that "Lisbet-Per" would pay for his mischief one day, but he had to abide by the agreement. Since that day, there hasn't been such a stone-free field anywhere else in Nærøydalen.

The last fiddler's journey "Lisbet-Per" embarked on took him to Hamarsbøen in Hol, Hallingdal. It is said to have been one of the grandest parties Hallingdal had ever seen. Here, "Lisbet-Per" played in a way that made both pots and pans dance, and many people were bedridden and incapacitated for a long time afterward. On his way back from this journey, "Lisbet-Per" fell through the ice on the mountain and was never seen again. It happened this way: the same evening, two reindeer hunters passed by. They saw something strange on the ice and went to take a look. There lay "Lisbet-Per's" fiddle, clinking and moaning. Several dung piles were scattered around the hole in the ice, which had weakened it. It is said that the devil himself left these piles to exact revenge on "Lisbet-Per."

Per was the first of a long line of fiddlers from Myrkdalen who combined music with nature and brought to life the mystical folklore that was central to daily life in Myrkdalen.

Written by: Ole Kristian Årmot.

Translation by: Kim Bagge.

Sources: Bjørgaas, K. (1945). Or Gommol Ti V. Voss: Folkeminnenemndi på Voss.

Sivle, P. (1910). Skrifter 3. Kristiania: Gyldendalske Boghandel Nordisk Forlag.