Dagskurs skred off-piste
Liker du å bruka skiheisar til å oppsøkja morosamt skiterreng med urørt laussnø? Det er lett å forstå! Hugs at det kan vera skredfare sjølv om du ikkje er langt unna preparerte løyper - lêr å unngå skredfare når du køyrer off-piste.
Om dagskurs i Myrkdalen: Skred off-piste
Dette dagskurset gir deg ei praktisk innføring i korleis du kjenner att skredutsett terreng, vurderer snøforhold og tek trygge val når du køyrer utanfor løypene. Gjennom ein kombinasjon av teori og øvingar i fjellet lærer du både førebygging av skredfare og teknikkar for kameratredning med sendar/mottakar, søkestong og spade. Instruktørane har solid erfaring frå fjell- og skredmiljøet, og legg vekt på trygg progresjon og meistring.
Kurset er lagt opp for aktive skikøyrarar som ynskjer større fridom og tryggleik off-piste, og passar for alle frå 13 år og oppover. Etter fullført kurs står du betre rusta til å gjera eigne vurderingar, forstå varsel og forhold, og ferdast tryggare i terrenget når du leitar etter den gode snøen.
Kva lærer du?
- Skikompismønster for trygg skikøyring.
- Kommunikasjon, linjeval og trygge stoppstader.
- Kameratredning med sendar/mottakar, søkestong og spade.
- Å kjenna att skredterreng og terrengfeller.
- Korleis bruke Varsom-appen til å lesa og forstå snøskredvarselet.
- Korleis fanga opp naturen sine teikn på skredfare.
- Teknikktips og utvikling av eigne skiferdigheiter – både i og utanfor preparert løype.
Program
Alltid god stemning!

Praktisk informasjon
Kven passar dagskurset for?
Dagskurset passar for ski- og brettkøyrarar, frikøyrarar og toppturinteresserte som er 13 år eller eldre. Du treng ikkje ha skredkunnskap frå før, men må ha nok ski- eller brettkøyringserfaring til å køyra raude løyper med god kontroll. Du bør ha litt erfaring med køyring i laussnø. Du treng ikkje toppturutstyr på dette kurset.
Nødsynt turutstyr
- Skiutstyr eller snøbrett som er eigna for køyring utanfor preparerte løyper
- Vind- og vassett bukse og jakke med hette
- Eitt eller to sett med ullundertøy
- Lue, hals, hanskar/vottar
- Tjukk varmejakke eller ullgenser
- Skredutstyr (spade, søkestong, elektronisk sendar/mottakar)
- Skibriller (goggles) eller solbriller
- Skihjelm er obligatorisk
- Smarttelefon med opplada batteri
- Valfritt: drikkeflaske, niste/snacks
- Ta med keycard/heiskort dersom du har
Pakk utstyret og ekstra klede i ein liten dagstursekk (15–20 liter). Skredutstyr kan du låna hjå oss utan ekstra kostnad.
Inkludert i kursprisen
- Arrangøren og kursinstruktøren sitt førearbeid
- 7 timar kurs med NF-sertifisert skredinstruktør eller høgare kompetanse
- Lån av spade, søkestong og elektronisk sendar/mottakar (S/M) ved behov
- Dekking av kursleiaren sine kostnaderHeiskort/dagskort
Ikkje inkludert i prisen
- Kostnader til mat
- Leige av skiutstyr
- Transport til og frå heisanlegget
Aldersgrense
Nedre aldersgrense er 13 år. Deltakarar under 18 år må ha attest frå føresette for å kunna delta.
Galleri

