Hopp til hovedinnhold
Gå tilbake til Myrkdalen
Myrkdalen

Overnatting i Myrkdalen

I Myrkdalen på Voss tilbyr me overnatting for ein kvar smak. Du kan velja mellom å bu på moderne Myrkdalen Hotel eller i koselege leilegheiter og hytter med sjølvbetening.

Dei fleste overnattingsstadene har ski-inn ski-ut nærleik til skiheisane om vinteren, og kort veg til flotte turmoglegheiter på sommaren.

Ynskjer du ein heilt unik overnattingsstad, bør du sjekke ut det ombygde fjøset, Tråfjosen. Ta også ein kikk på dei gode pakketilboda våre!


Myrkdalen Hotel

Moderne Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm. Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spanande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.

Hytter i Myrkdalen

Skal du ha med venegjengen eller storfamilien til Myrkdalen Fjellandsby? Eller berre ynskjer god plass og sjølvhushaldning på skiferien? Leig ei av dei romslege hyttene i Myrkdalen.

Leilegheiter i Myrkdalen

Er de fleire som ynskjer å bu saman eller vil ha større plass med moglegheit til å laga mat sjølv, er ferieleilegheitene med sjølvbetening i Myrkdalen Fjellandsby eit godt tips. Det er gangavstand til skiheisane om vinteren og sykkel- og turområde om sommaren. Restaurantar, kaféar og barar er også i nærleiken.

Unik overnatting i Tråfjosen

I Myrkdalen har du sjansen til å overnatta i eit gamalt fjøs, omgjeve av historie og vakker natur, sommar som vinter.

Kvifor overnatte i Myrkdalen?

Ski inn - ski ut om vinteren

Myrkdalen er staden for deg som søker etter aktivitetar for heile familien. Vinterstid er det skiglede, som står i fokus, bortover og nedover, som pudderparadis i Vestland med varierte bakkar, løyper og parkar for alle.

Fjellturar og sykling om sommaren

Myrkdalen i sommardrakt byr mellom anna på leik, sykling og vandring midt i kontrastfylte fjell- og fjordlandskap.

Enkel tilkomst til Vestlandet

Overnattar du i Myrkdalen har du lett tilkomst til alt det vakre Vestlandet har å by på. Naturopplevingane er rett utanfor dørstokken – til fots og på sykkel. Fjordcruise på smale Nærøyfjorden er berre ein dryg halvtime unna. Nordens lengste zipline og verdas vakraste togtur med Flåmsbana er også lett tilgjengelege.

Nærleik til Voss

Ekstremsportbygda Voss med sine actionfylte aktivitetar, shoppingmoglegheiter og kulturliv er også berre ein halvtime frå Myrkdalen.

Hotellpakkar