Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Arrangement

Julebord på Myrkdalen Hotel

29. november 2025 11:00 - 13. desember 2025 11:15
Nuten restaurant

Kom til snødekte fjell, der lufta blir fylt med lukta av jul. Peisen varmar, og du høyrer lyden av latter og glas som klirrar. Anten du kjem med kollegaer, familie eller venner har me julebord som passar for deg!

Om Julebord på Myrkdalen Hotel

Opplev julestemning på sitt beste, langt borte frå kvardagen og høgt til fjells. Kom på fredagen for å nyta hele helga, eller kom laurdag klar for god mat og godt selskap.

Nyt ein 4-retters julemiddag i Restaurant Nuten laurdag kveld. Første bordsetjing er kl. 18.30.

Underhaldning:

  • Frå 21.30 kan de setja dykk godt til rette med noko godt å drikka i Salto Lobby Bar der ein trubadur sørger for stemningsfull underhaldning.
  • Feststemning vert det også i Pudder Afterski. Der blir det dansegolv og DJ som spelar opp til dans.

Bestill julebord 29. november, 6. desember eller 13. desember.

Me har eigne julebord tilpassa barnefamiliar! Les om det her.

Gjer julebordet til noko meir enn berre ein middag - gjer det til ei oppleving!


Kombiner julebordet med teambuilding

Har skisenteret opna for sesongen, kan julebordet kombinerast med ski og aktivitetar ute i frisk fjelluft. Ei perfekt blanding av moro og begeistring!

I tillegg tilbyr me ei rekkje teambuildingsaktivitetar som kan bli skreddarsydd etter ynskje:

  • Tur til lavvo med bål og gode historiar
  • Murder mystery. Eit spennande rollespel der deltakarane får kvar si rolle og må samarbeida for å løyse mordmysteriet.
  • Spelturnering i Kamben Kafé og Spel
  • Avslapping i Fjellsauna
  • Legobygging
  • Mangekamp med artige konkurransar inspirert av Kompani Lauritzen
  • Opplev å fly i trygge omgjevnader hjå Voss Vind på veg til Myrkdalen

Kontakt

Lokasjon

Nuten restaurant
Få vegskildring

Pudder Afterski

Pudder finn du på vestsida av Myrkdalen Hotel. Her er det matservering på dagtid samt afterski og fest ettermiddag/kveld.