Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Praktisk info
Saunaen har 8 drop inn plassar. Du kan velja å booka heila saunaen, slik at du, venner og familie får nyta opplevinga åleine. De kan då vera opp til 10 stk.
Fjellsaunen ligg i skibakken, ein liten spasertur (ca. fem minutt) frå Myrkdalen Hotel. Møt opp i resepsjonen på tidspunktet du har booka. Der får du nøklar, kart og informasjon om korleis du starter saunaen.
I resepsjonen kan du også leiga handkle og kjøpa drikkevatn, dersom du ikkje har med eige.
Ta på gode sko for turen opp, og kle deg praktisk og lett, til av- og påkledning i saunaens garderobe. Saunaen blir god og varm allereie etter 15 minutt.
Det er ikkje dusj ved saunaen, men det renn ein liten bekk utanfor kor ein kan duppa føtene.
Saunaen kan bookast kvar dag kl. 08.00, kl. 12.00, kl. 16.30 og kl. 19.00. Det vert sett av 60 minutt til sauna, 10 minutt til å skifta klede før og etter og 5 minutt til å gå opp (til saman 1,5 time).
Godt å vite
Sesong
Vanskelegheitsgrad
Aldersgrense
Møtepunkt
Pakkeliste
- Drikkevatn
- Håndkle
- Gode sko
- Badetøy
Kontakt
Møtepunkt



Aktivitetar i Myrkdalen

Sykkelutleige i Myrkdalen
Leig sykkel i Myrkdalen og utforsk den vakre dalen i sommardrakt frå sykkelsetet.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Fjellatter
Fjellatter er tilbake! Hald av denne hausthelga for humorfestival i Myrkdalen!

Stolpejakt i Myrkdalen
I heile Norge er det «stolpejakt-feber». Bli med på den populære aktiviteten her i Myrkdalen også.