Musikalsk vinsmaking
Velkomen til ein kveld utanom det vanlege! Laurdag 11. oktober inviterer me til Musikalsk vinsmaking i Myrkdalen. Bli med på ein lærerik og underhaldande kveld med musikar, sommelier og vinjournalist Knut Bjørnar Asphol.
Om arrangementet
Det blir ein spennande kveld på Pudder Afterski når Knut Bjørnar Asphol kjem til Myrkdalen med sitt populære konsept Music & Wine. Dette er ikkje eit tradisjonelt vinkurs - her får du oppleva musikk og vin sette saman for å forsterka sansane dine.
Asphol er ein av dei mest aktive vinformidlarane i Noreg og har ei imponerande karriere som musikar med over 500 plateutgjevingar, Spellemannpris og 10 eigne album bak seg. Her kombinerer han lidenskapen sin for musikk med solid vinkunnskap, og byr på ein kveld med smaking, historier, fakta og levande musikk.
Gjennom kvelden får du smake på fem nøye utvalde vinar – både musserande, kvitvin og raudvin. Du blir teke med på ei smaksreise der kvar vin vert presentert med gode historier og musikalske innslag som framhevar vinens karakter og uttrykk. Lær meir om aroma, smak og vinens særpreg – og la musikken løfte smaksopplevinga til nye høgder.
Arrangementet varer i to timar, frå kl. 18.00 til 20.00, og inkluderer fem smaksprøver med vin og underhaldning. Mr tilrår å bestilla bord til middag på Restaurant Nuten etter showet for å avslutta kvelden med god mat og drikke.
- Dato: Lørdag 11. oktober 2025
- Tidspunkt: 18.00 - 20.00
- Sted: Pudder Afterski, Myrkdalen
- Aldersgrense: 18 år
Relevante tilbod

Kjøp billett til vinsmaking i Myrkdalen
Inkluderer:
Fem glas vin og musikalsk underhaldning
Kontakt
Lokasjon
Nysgjerrig på kva meir du kan finne på i Myrkdalen?

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Stolpejakt i Myrkdalen
I heile Norge er det «stolpejakt-feber». Bli med på den populære aktiviteten her i Myrkdalen også.

Strikkehelg
31. oktober - 2. november ønskjer me velkomne til ei koseleg helg i Myrkdalen. Nyt den friske fjellufta i godt lag saman med andre strikkeglade!

Sykkelutleige i Myrkdalen
Leig sykkel i Myrkdalen og utforsk den vakre dalen i sommardrakt frå sykkelsetet.