Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen

Korleis koma seg til Myrkdalen

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre to timar unna Bergen, Sogndal og Geilo.

Med tog

Voss Jernbanestasjon er ein av stasjonane langs Bergensbana som går mellom Oslo og Bergen. Frå Bergen tek det 1,5 time og frå Oslo 5 timar. Du finn togtider på www.vy.no

Gratis skibuss

Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog frå og til Bergen og Oslo. For å vere sikra plass på skibussen må du reservere på førehand. Det går òg vanleg rutebuss mellom Voss og Myrkdalen.

Nyheit for sesongen 2025/2026 er at det i tillegg går skibuss frå Stalheimskrysset kvar laurdag.

Les meir om busstilbodet til Myrkdalen her.

Med bil

Myrkdalen ligg to små timar unna Bergen, frå Oslo tek det ca 6 timar. Frå Voss sentrum køyrer du på E16/ RV 13 mot Sogn. På Vinje tek du mot Vik/Myrkdalen i rundkøyringa. Myrkdalen Fjellandsby ligg då på venstre side av RV 13 etter 9 km.

Leigebil under opphaldet

Kjem du med offentleg transport til Voss og ynskjer leigebil under opphaldet? Hertz har bilutleige i Storrviki i Skulestadmo. For meir informasjon ta kontakt på tlf: 56 51 39 10.

Med fly

Flesland/Bergen International Airport med direktefly frå København, Amsterdam og London, ligg berre 2 timar unna Myrkdalen.

Vil du bli henta på Flesland?

Me tilbyr transport frå og til Flesland. Bestill henting minst ei veke før ankomst direkte til: +47 47 47 16 00

Taxi på Voss

Ring og bestill vanleg taxi eller maxi-taxi på 56 51 13 40