Skibuss og skitog
Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog frå og til Bergen og Oslo.

Det finst fleire bussforbindelsar til og frå Myrkdalen:
- Gratis skibuss frå Voss dagleg
- Rutebuss frå Voss dagleg
- Skibuss frå Stalheim på laurdagar
- Dagsturbuss til Flåm på torsdagar og laurdagar
- Gratis handlebuss frå Myrkdalen til Joker på Vinje på måndagar og onsdagar
Det tek om lag 40 minutt med buss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Det er enkelt å kombinere buss med tog frå både Bergen og Oslo. Sjå alle rutetider og korleis bussane korresponderer med toga i rutetabellen nedanfor.
Busstider tur/retur Myrkdalen
Gratis skibuss
Til Myrkdalen: Kun for reisande til Myrkdalen, med moglegheit for påstiging langs vegen. Avstigning er Myrkdalen Fjellandsby, utanfor hotellet. Det er altså ikkje mogleg å gå av bussen før.
Til Voss: Går frå Myrkdalen Hotel og stoppar undervegs dersom det er skigjestar som skal av undervegs, før Voss stasjon.
For å vere sikra plass på skibussen må du reservera på førehand.
Book skibuss her
NB! Viktig at gjestar som skal av undervegs legg inn skia sine til slutt. Det er ikkje mogleg for påstiging langs vegen.
Rutebuss
Dette er ordinære rutebussar som stoppar for på/avstiging på haldeplassar langs vegen. Billettar til Skyss sine rutebussar kjøper du i appen deira eller direkte ombord på bussen. Ver OBS på at rutebussen går frå perong B/C på kvardagar.
NB! Rutetider for buss og tog kan bli endra ved feriar, heilagdagar eller andre spesielle høve. På julaftan og første juledag går det ingen skibuss. I tillegg går ikkje avgangen kl. 19.00 på følgjande heilagdagar: 1. januar samt 2. og 3. april. Sjekk dagens status under webkamera & føremelding eller på Facebook.
Her finn du bussane
Avgang Voss - Gratis skibuss går frå busslomma framfor Voss Kulturhus, vis-à-vis Voss Busstasjon. Skyss sine bussar går frå plattform B / C.
Ankomst Myrkdalen - Gratis skibuss køyrer til Myrkdalen Hotel, skyss sine rutebussar har busstopp på RV 13, ved avkøyringa til Myrkdalen Fjellandsby.
Avgang Myrkdalen - Gratis skibuss går frå parkeringsplassen utanfor Myrkdalen Hotel. Skyss sine rutebussar går frå RV 13, ved avkøyringa til Myrkdalen Fjellandsby.
Ankomst Voss - Både skibuss og rutebuss køyrer til busslommene ved Voss stasjon.
Gratis buss frå Stalheimskrysset
I skisongen har me ein gratis skibuss frå Stalheimskrysset til Myrkdalen kvar laurdag. Bussen må førehandsbestillast.
Sjå rutetider og bestill her.
Gratis handlebuss til Vinje
Handlebussen har avgang utanfor hovudinngangen til Myrkdalen Hotel. Han treng ikkje førehandsbestillast.
Gruppebestilling
NB! Grupper over 10 personar må melda frå til post@myrkdalen.no.
Vil du bli henta på Flesland?
I vintersesongen tilbyr me transport frå og til Flesland for overnattingsgjester. Pris på førespurnad. Bestill henting minst ei veke før ankomst. kundeservice@myrkdalenhotel.no / +47 47 47 16 00