Myrkdalen Skisenter
Velkomen til det mest komplette skisenteret på Vestlandet! Her finn du all informasjon du måtte trenge for å besøke Myrkdalen.

Praktisk informasjon
Planlegg besøket til Myrkdalen
Midt i Vestland og berre to små timar frå Bergen finn du eitt av dei mest populære skisentra i landet. Med familievenlege løyper, herleg offpisteterreng, parkar for alle nivå og ein lang sesong som ofte varar frå november til mai, er det ikkje rart at mange har blitt glad i Myrkdalen. Det er rett og slett den ideelle skidestinasjonen for alle aldre og nivå.
Under finn du lenker til praktiske ting som er kjekt å vita før du besøkjer oss:

Eit skisenter med særpreg
Myrkdalen er ein typisk Vestlandsdal med levende bygdekultur som har satt sitt preg på skisenteret. Her befinn du deg midt mellom Stølsheimen, Sognefjorden, Nærøyfjorden og høgfjellsplatået Vikafjellet, som gir eit stort spekter av opplevingar – uansett årstid.
Visste du at Myrkdalen er ein av dei mest snøsikre skidestinasjonane i heile landet?
Sesongen varar ofte heilt frå november til mai, og gjennom vinteren er Myrkdalen Skisenter blant dei som tronar høgst på snømålingane.
Variert skikøyring med 22 løyper og 9 heisar
Dei to ekspressheisane og dei ulike skitrekka tar deg kjapt til topps så du kan nyta det varierte løypetilbodet, med alt frå breie, familievenlege løyper, morosom skicross og fartsfylte raude og svarte nedfartar.
Skisenteret er ope kvar dag gjennom sesongen, med litt varierande opningstider avhengig av når på vinteren du er her. Og uansett kor mykje eller ofte du ønskjer å stå på ski, så finn du eit heiskort som passar.
Spanande mattilbod
Du skal heller ikkje gå verken svolten eller tørst i Myrkdalen. Du finn totalt 8 ulike spisestader, med alt frå vanlege kioskvarer i Velkomssenteret og varmande lunsjrettar i Fjellstova Vetlebotn til steinomnsbakt pizza i Tunet og a la carte i Nuten på Myrkdalen Hotel. Like ved Helgatuntrekket, rett vest for skiløypene, tilbyr også Helgatun Fjellpensjonat tradisjonelle lunsjrettar.
På Myrkdalen Hotel har Salto Lobbybar og Pudder Afterski variert program gjennom vintersesongen.
Gjer deg klar til turen
Opplev Myrkdalen
Myrkdalen er meir enn berre ski, også på vinteren. Overnatt på hotellet eller leig ei leilegheit for heile familien. Nyt god mat laga på lokale råvarer i ein av våre kaféar eller restaurantar. Lat barna ha det moro på Finns Barneskirenn og disko, og om du ikkje har med barn: bli med på afterski og ta deg ein fest sjølv!
Bruk lenkjene under til å finne overnatting, aktivitetar, arrangement med mer.

Ofte stilte spørsmål
Lurar du på noko om skisenteret? Her kan du sjå det dei aller fleste spør om.
Myrkdalsstemning
Myrkdalen Hotel
Moderne Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm. Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spanande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.
Utvalde tilbod i Myrkdalen

Juleverkstad og julegrantenning
Kom til fjells 29. november for å markera byrjinga på adventstida. Det blir julestemning for store og små, med juleverkstad, ansiktsmaling og graut! Når mørket senkar seg, blir juletreet tent.

Julebord på Myrkdalen Hotel
Kom i julestemning med vår 4-rettar julemiddag etterfulgt av fest og moro.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Familiejulebord på Myrkdalen Hotel
Her blir det julestemning for store og små! Ta med heile familien, bestemor og bestefar, og bli med på familiejulebord og Bornas juleshow med Olav Undeland.

Nyttårsfeiring i Myrkdalen
Me inviterer til nyttårsfeiring i ekte Myrkdalen-stil! Nyt frisk fjelluft, utsøkt mat og bobler i glaset. Når midnatt nærmar seg, samlast me for å sjå fyrverkeri lysa opp fjella rundt oss.

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Restaurant Nuten Fondue
I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!

