Få skia slipt i Myrkdalen
Hugs at skigleda er mykje større når utstyret er i god stand!
Det er ikkje bare leige av skiutstyr du får i skiutleigen i Myrkdalen, du kan og få hjelp til å fikse perfekt såle og knallgode kantar på dine eigne ski.

Skisliping i Myrkdalen
Alt går heilautomatisk og maskina kan programmerast til eit utal av kombinasjonar med tanke på struktur, kant og underkant. Slik får du akkurat kva type slip du ynskjer. All manuell påverknad av resultatet som du får på ei vanleg slipemaskin er eliminert.
Automaten har keramisk disk teknologi som gjer at kantane vert skarpare og held lengre. Du får den mest presise strukturen som finst i dag - med glatt og blank slip
Bestilling
Send ein e-post til skiutleige@myrkdalen.no
