Trygg i Myrkdalen
Du har sjølv eit ansvar for halde deg sjølv andre trygge på ski – både i og rundt skianlegget. Det er ikkje vanskeleg, berre les skivettreglane og følg desse råda!

Skivettreglane
Som gjest og skikøyrar i anlegget har du eit ansvar for å sikra både din eigen og andre sin sikkerhet i skiløypene. Me ber deg om å lesa gjennom og følgja skivettreglane, slik at skianlegget blir ein trygg stad å vera for alle. Dei 10 skivettreglane finn du lengre nede på denne sida.
Skianlegget utanom opningstida
Etter anlegget si opningstid er skisenteret å betrakta som eit anleggsområde og me kan ha ein del maskiner i gang. Trakkemaskinene er i løypene, og dei kan koma brått på dersom du kjem i god fart nedover. Det blir også brukt ei trakkemaskin med vinsj, dvs ein ståltråd mellom maskina og eit vinsjefeste. Denne tråden er relativt tynn, er vanskeleg å sjå og ligg ofte rett over snøen. Vèr forsiktig og sørg for å ha blikk-kontakt med sjåføren dersom du nærmar deg ei trakkemaskin. Det er forbudt å bevega seg i område rundt trakkemaskiner i arbeid (minsteavstand 25 m).
Snøproduksjon
Det er også ein del farer under snøproduksjon, som til dømes isete snøhaugar, endring av føre med våt snø sjølv om det er kaldt vèr. Det vert òg nytta slanger med svært høgt trykk og elektriske kablar. Hald difor god avstand til alle installasjonar tilknytt snøanlegg.
På veg oppover i løypa?
Gå alltid i ytterkanten på løypa. Når du nærmar deg ein bakketopp, gå på utsida av løypa/stikkene slik at du unngår kollisjon med skiløpar som kjem nedover. Det er forbode å skli i nypreparerte løyper om kvelden, då sporet etter ein skiløpar kan væra svært øydeleggjande neste dag når det frys til og alt er blitt fast og fint.
Skikøyring utanfor løypene er på eige ansvar
Skianlegget har ansvar for oppmerka og preparerte løyper. Dersom du forlatar løypene er all skikøyring på eige ansvar. Det vil seie at ein må vera merksam på ulike farer i fjellet. Døme på dette er bekkefar, stein, skredfare, skavlar osv. Sjå oppsett skredfaregrad i anlegget med tilhøyrande forklaring.
På www.varsom.no finn du meir informasjon om skredfaren i regionen vår. Me anbefalar deg å skli med andre dersom du skal stå på ski utanfor løypene. Då kan ein hjelpa kvarandre dersom problem oppstår.
Viktige telefonnummer
Skipatrulje: 415 18 002
Me anbefalar deg å lagra dette nummeret på telefonen din. Prøv å gje ei god skildring av plasseringa di og kva du treng hjelp til. Dette nummeret blir besvart i opningstida til skianlegget.
Legevakt: 116117
For akutt medisinsk hjelp: 113
Sentralbord: 47 47 16 00

10 viktige skivettreglar
1. Ansvar for å unngå skade
Du må oppføra deg slik at du ikkje er til fare for deg sjølv eller andre. Du skal til ein kvar tid ha kontroll på ski-/snowboardutstyret og du er ansvarleg for å unngå at utstyret gjer skade på personar eller anna materiell.
2. Avpass farten etter forholda
Du må køyra kontrollert og avpassa fart og køyremåte etter ferdighet, terreng, vêr og føreforhold og trafikk.
3. Vikeplikt
Kjem du bakfrå eller ovanfrå, har du ansvar for å unngå kollisjon.
4. Forbikøyring og utforkøyring
Du kan køyra forbi ein anna skikøyrar eller snowboarder forutset at vedkommande får tilstrekkeleg plass for kontrollerte og ukontrollerte bevegelsar. Det er forbode å køyra rett utfor.
5. Starta, køyra inn eller svinga opp i nedfarten
Køyrer du inn i, eller svingar du oppover i ein nedfart, må du passa på at dette skjer utan fare for deg sjølv eller andre. Det same gjeld for køyring etter stans.
6. Stopp i nedfarten
Med mindre det er absolutt naudsynt, skal du unngå å stoppa i nedfarten på trange plassar eller plassar med avgrensa sikt. Dett du på ein slik plass, skal du bevega deg vekk så raskt som mogleg.
7. Til fots i nedfarten
Er du til fots, nytt ytterkantane av bakken.
8. Respekter skilt og markeringar.
Fylg skilting, merking og anvisningar.
9. Hjelp ved ulykker
Ved skade har einkvar skiløypar eller snowboardar plikt til å hjelpa.
10. Identifikasjon
Ved skade og ulykke har vitne og medverkande plikt å oppgje personalia.