Hopp til innhold
Torsdag 19. - Fredag 20. oktober

Næringskonferansen i Flåm: Kommunikasjon og samhandling

Kommunikasjon er essensielt for godt samspel og nettopp dette dykkar årets Næringskonferanse i Flåm inn i. Konferansen som går frå lunsj til lunsj har eit breitt repertoar av næringsprofilar som vil gje eit innblikk i korleis dei brukar kommunikasjon og samhandling for å styrka sine organisasjonar.

Kommunikasjon for suksess

Næringskonferansen i Flåm blir arrangert på Fretheim Hotel i regi av Norway’s best, med Næringshageprogrammet i Sogn og Sogn Sparebank som gode partnarar. I år, som i fjor, er målet å skapa ein årleg konferanse om utvikling, samarbeid, innovasjon, kunnskapsformidling, innovasjon og omstilling for norsk næringsliv.

I år er temaet kommunikasjon og samhandling som suksesskriteria for vekst og kvalitet i næringslivet.

Konferansen vil gå frå lunsj onsdag til lunsj torsdag med Finn Tokvam og Line Bjelde som konferansierar.

Velkomen til to dagar med inspirasjon, fagleg påfyll og gode møter – midt i hjarta av Vestland fylke!

Hald av dagen

Beste tid å reise

Jan
Feb
Mar
Apr
Mai
Jun
Jul
Aug
Sep
Okt
Nov
Des

Næringskonferansen i Flåm

19. - 20. oktober på Fretheim Hotel

  • Geir Aker - Fenrik i Kompani Lauritzen
  • Gasta
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Lerum AS
  • Eika
  • Sogn Avis 
Servering
Overnatting
Arrangement

Meld deg på

Konferansepakke: Overnatting, konferanse, lunsj begge dagar og middag inkl./drikkepakke og underhalding. Pris kr. 3.495,- per person i dobbeltrom, kr. 3.995,- per person i enkeltrom. 

Dagpakke: Konferanse, lunsj begge dagar, middag inkl./drikkepakke og underhaldning. Pris kr. 2.495,- per person

Fjordsauna torsdag ettermiddag og yoga fredag morgon er inkludert i begge pakkane.

Geir Aker

Program

Konferansen startar med minglelunsj torsdag kl. 11.30 og vert avslutta med utdeling av lunsjpakker du kan ta med vidare fredag kl. 12.00.
Fullt program kjem snart, men enn så lenge kan du gle deg til dette:

  • Inspirerande foredrag av Geir Aker, Fenriken i Kompani Lauritzen
  • Internkommunikasjon og bygging av bedriftskultur av Trine Lerum Hjellhaug i Lerum AS
  • Makrobildet av samfunnsøkonom Jan Ludvig Andreassen frå Eika Gruppen
  • Lære om effekten av sosiale media av Astri Knudsen, leiar av Gasta design & kommunikasjon AS
  • Sofaprat med Høgskulen på Vestlandet: Korleis halde på studentane etter endt studie?
  • Sogn Avis si kåring av Best frå Sogn i 2023
Jan Ludvig Andreassen

Mat og underhaldning

Torsdag vert det mogleg å nytte seg av Fjordsauna mellom programmet og middag. Middagen startar med ein felles aperitiff før maten vert servert i Fretheimsalen. Drikkepakke med eller utan alkohol tilpassa menyen er inkludert i konferansepakkene.

Meir informasjon om underhaldning til middagen kjem.

Fredag morgon kan du starta dagen med yoga før frukost.