
Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
2 min lesetid
Kvitkledde vidder, glitrande snø og mektige fjell. Kupert terreng som skapt for langrenn- og fjellskiturar. Magisk vinterlys over fjorden, kvilepuls og store naturopplevingar.
Er det mange år sidan du har hatt alpinski på beina og ynskjer å friska opp skiferdigheitene? Eller ynskjer du rett og slett tips til korleis du kan få betre skiteknikk? Skiskulen i Myrkdalen Aktiv tilbyr ulike kurs, både privatundervisning og i grupper. Saman med ein kyndig instruktør kan du utforska løypene i Myrkdalen og bli betre kjent i skianlegget. Ingen problem om du ikkje har skiutstyr. Dette kan du leiga hjå Myrkdalen skiutleige.
Frå moderne Myrkdalen Hotel kan du spenna på deg skia og skli ut i breie og oversiktlege løyper i alle vanskegradar. Skisenteret har ni heisar fordelt på to stolheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband.
"Dei 22 skiløypene blir preparert kvar einaste dag i vintersesongen, og like bra ein heilt vanleg tysdag som i helgene."
Plassert midt i skisenteret er Fjellstova Vetlebotn perfekt for ein pause frå skikøyringa. Her kan beina få ein kvil medan du får påfyll av energi frå den velfylte menyen.
Her er det tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer som er i fokus. Rettane er laga av reine ingrediensar frå regionen, og du får både enklare rettar som pølse frå Vossakjøt i brød og lapskaus frå Haugen Gardsmat til middagsrettar som kjøtkaker med tilbehøyr.
Bergens Tidende 7. april 2022"Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster."
Etter ein lang og innhaldsrik dag smakar det ekstra godt med middag. På hotellet kan du velja mellom varierte à la carte rettar, ost- eller kjøttfondue og heimelaga pizza som er viden kjend langt utanfor landegrensa.
Hotellet ligg i hjarta av destinasjonen. Hotellet har 112 rom i ulike storleikar - frå standard rom til suiter med fleire soverom. Ynskjer du overnatting med sjølvhushald, kan du også bu godt i hytter og moderne leilegheiter med høg standard.
I Myrkdalen finn du også eit samanhengande løypenettverk for langrenn og turski, som ligg rett over vegen frå skisenteret. Her kan du skli gjennom skisporet også etter at sola har gått ned - lysløypa er på fram til kl. 22.00. Ynskjer du å bestiga ein fjelltopp er både Bjørndalskamben og Finnbunuten flotte dagsturar med utgangspunkt frå hotellet.
Myrkdalen ligg midt i eit mektig landskap av fjell og fjord – meir enn stort nok til at du kan kjenna deg liten – på den gode måten. Her får du den beste opplevinga. På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur.
Femten minutt køyring frå Myrkdalen Hotel ligg Vikafjellet, fjellområdet som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella. I dette området er moglegheitene for fjellskiturar uendelege - enten du vil gå på langtur eller berre nyta ettermiddagssola i høgda. La praten gå i lettgått og småkupert terreng innover Sendedalen, nyt utsikta frå toppen av Fossfjellet mot Sognefjorden eller legg ut på fleirdagarstur i Stølsheimen.
Lonely Planet har kåra Flåmsbana til ei av verdas vakraste togreiser - med god grunn! Ein tur med dette bratte toget er noko alle bør oppleva minst ein gong i livet, og turen er minst like vakker vinterstid.
Er du i Flåm, må du leggja turen innom Stegastein utsiktspunkt, som byr på panoramautsikt over fjorden og fjella rundt. Plattforma stikk 30 meter ut i lufta og gjev deg kjensla av å stå i lause lufta.
2 min lesetid
3 min lesetid
1 min lesetid