Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Overnatting

Pakketilbod: Vinterferie i Myrkdalen

Opplev ein magisk vinterferie på fjellet med aktivitetar for heile familien! Nyt puddersnø, spanande skikøyring og avslappande kveldar med god mat.

Informasjon

Planlegg ein uforgløymeleg vinterferie på fjellet! Nyt lange dagar i bakken med fantastisk puddersnø, utfordrande parkar og mengder av spanande off-piste-køyring. For dei minste har vi eit eige barneområde og ein eventyrskog fylt med morosame opplevingar.

Etter ein dag fylt med moro kan du nyte ein smakfull 3-retters middag. Avslutt kvelden på Kamben Kafé & Spel, i saunaen eller med avslapping på hotellrommet, klar for nye eventyr dagen etter.

Book din vinterferie i Myrkdalen

I pakken inngår:

  • 3-rettars middag i Restaurant Nuten, barnemeny til dei minste
  • Overnatting på Myrkdalen Hotel
  • Hotellfrukost
  • Heiskort (gjeld frå dagen etter ankomst)

Kontakt

Ting å gjere i Myrkdalen

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.