Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.
Kva er aketur?
Me tek Myrkdalsekspressen til toppen og akar ned den blå løypa Myrkdalsløypo.
Denne aktiviteten passar bra for familiar med eldre barn, eller yngre barn ifølgje med ein vaksen. Vanskelighetsgrad kan variera basert på forholda.
Aketur kan bestillast online innan 24 timar før ankomst. Vil du bestilla etter dette, eller har spørsmål, kan du senda ein e-post til: aktiv.myrkdalen@norwaysbest.com.
Skal heile familien vera med? Kjøp familiebillett - det inkluderer to vaksne og opptil tre barn!
Godt å vite
Sesong
Vanskelegheitsgrad
Aldersgrense
Møtepunkt
Pakkeliste
- Hjelm er påbydd
- Skibriller
- Ullundertøy
- Vinterklede (skibukse, skijakke, hovudplagg, vottar, hals)
- Gode vintersko
Merk at aktiviteten kan vere krevjande basert på fart, snøforhold og sikt. Du er sjølv ansvarleg for å møta opp i passande bekledning. Guiden vurderer om alle oppfyll krava til bekledning. Merk at om du f.eks. møter opp utan hjelm, får du ikkje vera med på aketuren. Det same gjeld om du er synleg berusa. Alkohol er ikkje tillat under gjennomføring.
Kontakt
Møtepunkt
Fram til 31. januar: Møt opp på Torget utanfor Skiskolen/Myrkdalsstovo 1. etg seinast kl. 15.15.
Fra 1. februar: Møt opp på Torget utanfor Skiskolen/Myrkdalsstovo 1. etg seinast kl. 15.45.