Skihelg i Myrkdalen
Gled deg til ei innhaldsrik skihelg på Myrkdalen Hotel med heiskort frå fredag til søndag. Bu midt i bakken, sov godt i komfortable hotellsenger, og start dagen med ein lang, deilig hotellfrukost før nye rundar i løypene.
Informasjon
Spenn på deg skia rett utanfor hotellet og gli ut i nypreparerte løyper. Vi har spanande parkmoglegheiter og rikeleg med off-piste-køyring. I tillegg kan du nyte to netter i herlege hotellsenger, etterfølgt av ein lang frukost som gjer deg klar for ein ny dag i bakken.
På kveldstid kan de utfordre kvarandre på Kamben Kafé & Spel eller slappe av i fjellbadstova!
Bestill skihelg i Myrkdalen her
Skihelg i Myrkdalen inneheld
- Overnatting på Myrkdalen Hotel frå fredag til søndag, inkludert frukost
- Heiskort fredag, laurdag og søndag (inkludert kveldskøyring)
- Middag laurdag: 3-retters middag fra kl. 18.00
Ved Myrkdalen Hotel parkerer du gratis under heile opphaldet. WIFI er sjølvsagt gratis.
Gratis skibuss Voss - Myrkdalen - Voss
Avgang Voss: Gratis skibuss går frå busshaldeplassen framfor Voss Kulturhus, rett overfor Voss Busstasjon. Skyss sine bussar går frå plattform B/C.
Avgang Myrkdalen: Gratis skibuss går frå parkeringsplassen utenfor Myrkdalen Hotel til busshaldeplassane ved Voss stasjon.
Merk at skibussen skal bookast på førehand her
Kontakt
Ting å gjere i Myrkdalen

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.