90-talsfest i tråkkemaskingarasjen
Er du klar for 90-talsfest i Myrkdalen? 31. mars blir det nok ei gong liv og moro i trakkemaskingarasjen, då På Grensen til Allsang og DJ Lien tek plass på scena.
90-talsfest
Pararellrenn
Start dagen med fart og spenning i Landsbybakken, der me set opp to identiske storslalåm-løyper og køyrer utslagsmetode heilt til finalen! To klassar: Kvinner & Menn, og sjølvsagt premiering til både vinnarane og den som stiller i beste 90-talskostyme. Rennet er gratis, og krev ikkje førehandspåmelding eller billett til 90-talsfesten.
- Registrering og utdeling av startnummer ved Landsbytrekket 12.00-13.00
- Rennstart og kvalifisering kl. 13.00
- Semifinaler og finaler kl. 14.00
- Premieutdeling utanfor Pudder kl. 15.00
- Afterski på Pudder frå kl. 15.00
Me gjer om tråkkemaskingarasjen til ein glitrande 90-talsarena med musikk, dans og fest. Klokka 19.00 opnar dørene til 90-talsfesten!
På Grensen til Allsang er eit festband frå Bergen som er kjent for å spre allsong og god stemning. Dei spelar ein blanding av kjente låtar frå både norske og internasjonale aritistar.
Program for kvelden
- Afterski på Pudder frå kl. 15.00, med deilig grillmat utanfor.
- Dørene opnar i tråkkemaskingarasjen kl. 19.00.
- På Grensa til Allsang på scena kl. 20.00 – det blir hit etter hit, så du kan ikkje stå stille!
- Det blir pølsesal i garasjen for deg som treng ein matbit undervegs.
- DJ held festen i gong til kl. 01.00.
Praktisk informasjon
- Aldersgrense: 18 år
- For å delta må du hente armband ved Pudder Afterski eller utanfor tråkkemaskingarasjen.
- Transport. Det går buss frå Voss (utanfor kulturhuset) for berre 160 kr per person. Avgong kl 18.00, retur frå Myrkdalen (utanfor hotellet) kl 01.00. Bussbilletten må kjøpast på førehand.
Me har børsta støv av diskokula og er klare for årets tidsreise. Me sjåast på dansegolvet!
Aktivitetar i Myrkdalen

PT på ski
Finpuss teknikken saman med ein ekspert.

Hundekøyring
Kvar fredag heile vinteren har du høve til å nyte det vakre vinterlandskapet i Myrkdalen frå hundesleden!

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.