Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Aktivitetar i Myrkdalen

Hundekøyring

1-2 timar
Vinter
Lett

Kvar fredag heile vinteren har du høve til å nyte det vakre vinterlandskapet i Myrkdalen frå hundesleden!

Informasjon

Rett ved Myrkdalen Camping tilbyr me hundekøyring på ei 4 km lang løype i vakre omgjevnader.

Turen varer i om lag 30 minutt, inkludert førebuingar. Kvar slede blir delt mellom to personar. Vaksne og barn over 12 år kan gjerne prøve å køyre sleden sjølve, dersom dei ønskjer det.

Etter turen samlast me rundt bålet for å varme oss, kosa med hundane og nyte ein kopp varm drikke.

Viktig informasjon: Det krevst minimum 10 deltakarar for at turen skal gjennomførast. Dersom dette talet ikkje er nådd innan dagen før, kan turen bli avlyst og pengane refundert. Gjester som allereie har bestilt, kan velje å gjennomføre turen ved å dekkje kostnaden tilsvarande 10 deltakarar.

Godt å vite

Sesong

Vinter

Vanskelegheitsgrad

Lett

Varigheit

1-2 timar

Møtepunkt

Myrkdalen Hotel

Kontakt

Møtepunkt

Myrkdalen Hotel

Møt opp i resepsjonen 10 minutt før tidspunktet for bestillinga di. Derifrå blir du transportert til startpunktet.

Andre aktivitetar i Myrkdalen

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Hest og slede

Kvar torsdag har du høve til å oppleva ein stemningsfull tur med hest og slede i Myrkdalen! Turen tek deg gjennom snøkledd vestlandsnatur, medan du sit godt pakka inn i varme pledd og høyrer lyden av bjeller og hestesko mot snøen.

Frå / per person

Trugetur i Myrkdalen

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.

Frå / per person

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Hundekøyring | Norway’s Best