Myrkdalen
Oppdag Myrkdalen
Velkomen til familievenlege Myrkdalen Fjellandsby
Myrkdalen er staden for deg som søkjer etter aktivitetar for heile familien. Vintertid er det skiglede som står i fokus - som pudderparadis i Vestlandet med varierte bakkar, løyper og parkar for alle. Myrkdalen i sommardrakt byr på leik og gode sanseopplevingar midt i kontrastfylte fjell- og fjordlandskap.
Aktivitetar
Fjellatter
Klar for ei latterfylt helg? 27. – 28. september samlar me nokre av Norges morosamaste til humorfestivalen Fjellatter. Haustens store høgdepunkt i Myrkdalen byr på stand-up med kjende komikarar, engasjerande underhaldning, flotte naturopplevingar og ein god latter.
Vilt & Vin
5. Oktober inviterer Knut Bjørnar Asphol deg til ein kveld der vin, musikk og viltkjøtt smelter saman i perfekt harmoni.
Haustferieprogram
Eit fargerikt teppe legg seg over naturen, lufta er frisk og fjellet byr opp til leik! Myrkdalen har alt for deg som vil nyta haustferien til fjells - med fjellturar, sykling, hesteridning, leikar og sjølvsagt mykje god mat og drikke. Under får du full oversikt over alt som skjer hjå oss i haustferieveke 40!
Smak & Tonar
Med gourmetkokk Ørjan Johannessen bak grytene og songar Frida Amundsen musikalske nærvær, vil det bli ein minneverdig kveld på Restaurant Nuten denne novemberkvelden!
Strikkehelg
1. - 3. november ønskjer me velkomen til ei koseleg helg fylt med strikking, hygge og inspirasjon. Nyt den friske fjellufta i godt lag saman med andre strikkeglade!
Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Pumptrack, sykkelløype og hopplinjer
Myrkdalen har eit flott sykkeltilbod som passar perfekt for familiar. Test den superpopulære pumptracken ved Myrkdalen Hotel, øv deg på terrengsykling i sykkelløypa eller prøv deg på hopplinjene.
Stolpejakt i Myrkdalen
I heile Norge er det «stolpejakt-feber». Bli med på den populære aktiviteten her i Myrkdalen også.
Natursti til Vetlebotn
Gjer fjellturen kjekkare for små og store! Naturstien i Myrkdalen går frå Helgatun til Fjellstova Vetlebotn.
Myrkdalen Hotel
Moderne Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm. Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spanande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.
Fritidseigedom i Myrkdalen
Me har nøkkelferdige hytter, leilegheiter og tomter til sals. Dei fleste med ski-inn ski-ut og nærleik til heilårsaktivitetar.
Populære overnattingar
Myrkdalen Hotel
Moderne Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm. Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spanande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.
Hytter i Myrkdalen
Skal du ha med venegjengen eller storfamilien til Myrkdalen Fjellandsby? Eller berre ynskjer god plass og sjølvhushaldning på skiferien? Leig ei av dei romslege hyttene i Myrkdalen.
Leilegheiter i Myrkdalen
Er de fleire som ynskjer å bu saman eller vil ha større plass med moglegheit til å laga mat sjølv, er ferieleilegheitene med sjølvbetening i Myrkdalen Fjellandsby eit godt tips. Det er gangavstand til skiheisane om vinteren og sykkel- og turområde om sommaren. Restaurantar, kaféar og barar er også i nærleiken.
Unik overnatting i Tråfjosen
I Myrkdalen har du sjansen til å overnatta i eit gamalt fjøs, omgjeve av historie og vakker natur, sommar som vinter.
Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Ofte stilte spørsmål
Har du spørsmål? Me har svar!