Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Arrangement

Fjellatter

4. september 2026 - 5. september 2026
Myrkdalen Hotel

Fjellatter er tilbake. Hald av denne hausthelga for humorfestival i Myrkdalen!

Om arrangementet

Klar for ei helg fylt med latter? Fjellatter er tilbake!

Fjellatter er humorfestivalen der du får oppleve fleire komikarar på éin og same kveld, eit maraton av humor, gode historier og rå standup.

Allereie no er me glade for å kunne annonsere at Marlene Stavrum, Jonis Josef og Jon Niklas Rønning vil stå på scena. Namn på fleire komikarar vert sleppte fortløpande, og som alltid lovar me ein sterk lineup!

Hald av helga 4. - 5. september 2026, for då fyller me Myrkdalen med nokre av Noregs morosamaste menneske, klare for å gi deg ei uforgløymeleg helg med mykje latter.

Kjøp festivalpass tidleg og spar pengar!

Early Bird 1:
Me slepp 50 eksklusive festivalpass til berre 990 kr → du sparer 500 kr!
Tilgjengeleg fram til 15. mars eller til det blir utseld.

Early Bird 2:
Frå 16. mars til 14. juni: 1190 kr → du sparer 300 kr!

Ordinær pris på festivalpass:
Seld frå 15. juni til 1490 kr.

Ta med deg venegjengen, kjærasten eller kollegaen og bli med på ei uforgløymeleg helg. Me gler oss til å le saman med dykk!

Buss frå Voss?

Det vert satt opp buss Voss - Myrkdalen - Voss.

Fredag: Avreise Voss 18.00 - Retur frå Myrkdalen 01.00
Laurdag: Avreise Voss 17.00 - Retur frå Myrkdalen 01.00

Bestill buss

Relevante tilbod

Fjellatter inkludert overnatting

Bu på Myrkdalen Hotel heile helga. Inkluderar også frukost.

Frå / per person
Sjå tilgjengelegheit

Program

Kontakt

Lokasjon

Myrkdalen Hotel
Få vegskildring

Praktisk informasjon

Showet går føre seg i eit oppvarma telt utanfor Myrkdalen Hotel. I teltet blir det servering av drikke før show, i pausar og etter show. Pudder Afterski vil vera open etter slutten av showa.

Stemningsrapport frå Fjellatter 2024

Ikkje gå glipp av desse aktivitetane

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel

Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Frå / per person

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.