Bike and Hike
Bestill ein privat guide til deg og vennane dine - bli med på dette fine sykkel- og fjelltureventyret! Me tek elsykkelen fatt og suser gjennom vakre dalar med beitande dyr, for så å passera ein imponerande foss, før me parkerer syklane og vandrar opp til den sjarmerande fjellgarden Vetlegrungen.
Bike and Hike til Vetlegrungen
Få din eigen private guide og opplev den norske fjellheimen på dette naturskjønne sykkel- og fottureventyret frå Myrkdalen Hotel. Turen startar med ein roleg oppoverbakke gjennom frodige dalar, omgitt av beitande kyr og sauar, før me når den isbreforma Kvassdalen. Før stigninga opp mot Vikafjellet tek me ein pause ved den imponerande fossen Sendefossen – ein perfekt stad for eit fotostopp.
Derfrå held me fram til fots opp ein moderat bratt sti til dei historiske fjellgardane på Vetlegrungen. På toppen tek me ein velfortent matpause medan me nyt den storslåtte fjellutsikta. Etter lunsj går og syklar me tilbake til Myrkdalen Hotel.
Er de ei stor gruppe? Me tek i mot bestillingar i samband med utdrikkingslag, bursdagar og teambuilding! Ta kontakt med aktiv.myrkdalen@norwaysbest.com for bestilling eller spørsmål.
Praktisk informasjon
Pris: 5 375 NOK per gruppe (1-5 personer)
Aldersgrense: 12 år
Beregnet tid: 3 timar
Oppmøte: Kl. 09.00, 14.00 eller 16.00 utanfor Myrkdalen Hotel
Vanskegrad: Moderat. Nokre bratte parti.
Du treng:
- Klede etter vêret
- Gode tursko
- Matpakke
- Vatn
Inkludert i prisen:
- Erfaren guide
- Elsykkel og hjelm
- Sykkelforsikring
Bli med oss på ein uforgløymeleg dag i fjellet!
Godt å vite
Sesong
Vanskelegheitsgrad
Aldersgrense
Kontakt
Få også med deg desse aktivitetane

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fly vindtunnel på Voss
Har du nokon gong drøymt om å kunna fly? Hos Vossvind går draumen i oppfylling! Opplev den utrulege kjensla av vektløyse og fritt fall.

Stolpejakt i Myrkdalen
I heile Norge er det «stolpejakt-feber». Bli med på den populære aktiviteten her i Myrkdalen også.

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.