
Bergen Broderiservice
Fører strikkegarn frå mange produsentar som Sandnes Garn, Strikkefeber, Un-Told, Marte Helgetun, Solberg Spinderi, Jens Hoff, Lykkegarn, Lillelam, Lang Yarns, Permin, Järbo/Nordanä, Schachenmayr, Mummigarn fra Muurla mm.
(Utselt!) 31. oktober - 2. november ønskjer me velkomne til ei koseleg helg i Myrkdalen. Nyt den friske fjellufta i godt lag saman med andre strikkeglade!
Obs! Dette arrangementet er utselt.
Når novemberkulda snik seg innpå, finst det knapt noko betre enn å trekkja inn i fjella sin lune favn – med garn, pinnar og gode samtalar. Bli med på vår 9. strikkehelg på Myrkdalen Hotel – ei helg fylt med inspirasjon, latter, læring og koseleg samvær.
I år set me fokus på gjenbruk og redesign. Kari Traa kjem for å dela sine tankar om korleis små grep og kreative løysingar kan gjera ein stor forskjell – også i strikkeverda.
Eit fast innslag på strikkehelga. Bli med på visinga leia av den sprudlande konferansieren Astrid Norekvål Tillung. Kanskje vinn du ein premie?
Sa du shopping? Denne helga blir Myrkdalen fylt med fantastiske utstillarar! Her kan du sikre deg garn for resten av året – handplukka kvalitet frå dei beste produsentane. Bla heilt ned for å sjå heile utstillarlista. Dette vil du ikkje gå glipp av!
Laila Yvonne Henriksen frå Værbitt Fargeri kjem for å dela gleda ved å gi nytt liv til «gammalt og kjedeleg» garn – eller til strikka plagg som fortener ei oppfrisking. Dette er berekraft i praksis: Det mest miljøvennlege me kan gjera, er å bruka det me allereie har. Samtidig kan me framleis tilfredsstilla behovet for noko nytt – når det nye kjem i form av ein spennande farge.
Krasjkurs! For å vise korleis du kan farge ditt eige garn, set Laila opp ein liten fargestasjon etter foredraget. Ta med ei hespe eller eit nøste garn av dyrefiber – det kan gjerne vere farga frå før, så lenge det ikkje er for mørkt. Dersom mange ønskjer å vere med, trekk kølapp før foredraget og sikre deg plass! Laila set av tid til at ti personar får farge garnet sitt.
Laurdag kveld rundar vi av med vakre tonar og god stemning frå Frida Amundsen – ei stemningsfull avslutning på ein kreativ dag.
Har du bestilt overnattingspakke? Då kan du ta med handstrikka plagg du ikkje brukar lenger – og selja det på vårt bruktstativ. Plagga må vera heile, reine og sjølvsagt handstrikka.
Ta med deg eit prosjekt du jobbar med – eller la deg inspirera til å starta på noko nytt. Dette er ei helg for å dela erfaringar, læra av kvarandre, knyta nye strikkevenskap – og kanskje avsløra eit og anna hemmeleg strikketriks.
Helene Helle frå Knipetak tilbyr behandlingar for slitne strikkemusklar heile helga. Du kan bestilla time i resepsjonen.
Fører strikkegarn frå mange produsentar som Sandnes Garn, Strikkefeber, Un-Told, Marte Helgetun, Solberg Spinderi, Jens Hoff, Lykkegarn, Lillelam, Lang Yarns, Permin, Järbo/Nordanä, Schachenmayr, Mummigarn fra Muurla mm.
Gjertrud, Solveig og Torbjørg held til i Sunnhordland, der dei hentar inspirasjon frå dei vakre omgjevnadene rundt Åkrafjorden. Fargane er inspirerte av djupe viker, grøne lier og stupbratte fjell. Garnet frå Makalaus Ull har fått fargenamn frå garden Furdal og landskapet omkring.
Laila farger garn i sin nye verkstad på Nesodden og har lang erfaring med fargar og ull. Ho er leiken og kreativ, både med fargane og garnstruktur.
Frå Elje Gard på Evanger får du ull frå deira eigne sauer. Naturfarga og kan nyttast til gensarar og vottar og mykje meir. Lokalt og kortreist!
Fjord Fibres drives av Gilly i Bergen. Ho tilbyr hesper av handfarga garn i aldeles nydelege fargar! Ulla kjem frå lykkelege sauer som har levd på gårder med høg dyrevelferd.
Her får du fylt på med maskemarkørar, maskestopparar, smykke, tilbehøyr til strikk og oppskrifter. Masse fint å pynta strikketøyet med!
Elisabeth frå Strikkebua på Austevoll kjem og har med seg mykje fint garn, oppskrifter og modellar.
Garnkroken Vik Elektro og Interiør er frå Vik i Sogn. Dei har garn av mange kvalitetar som ein kan strikke mykje fint av.
Myrudl er to damer, Siri og Gunn, som produserar kortreist, fyrsteklasses ullgarn frå Jon sine sauer i Seljadalen i Vik i Sogn. Dei plantefargar garnet i mange fine fargar.
May Britt lagar strikkedesign frå gamle brurakle og åkle, som blir til mange fine strikkemønster ein kan bruke til å strikke kofter, genserar, sokkar og mykje anna fint.
Øvre Hove gard frå Vik i Sogn har garn frå eigne villsauer, i 4 naturfargar som kan brukast til å tove fine vottar og strikka mykje fint.
Smia frisør og Garnkrok frå Fresvik, blir driven av Kristin Anita og er ein ny oppstarta forhandlar av Rauma garn som ein kan laga mykje fint av.
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.
I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!