Me har tatt ein prat med prosjektleiaren for sykkelutviklinga i Myrkdalen, Joar Wæhle, for å få svar på dette.
1. Ved Myrkdalen Hotel står ein 850 kvm pumptrack. Kan du forklara kva ein pumptrack er og kva sykkel ein kan bruka for å ha det moro her?
Pumptrack er ein kompakt bane som består av ulike formasjonar, kular og svingar. Ein kan byggja ein slik bane i ulike typer materiale, men me har planlagt asfalt som er særs venleg mot alle typar hjul.
Det betyr at ein kan bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, tre-hjul sykkel og vanleg sykkel på denne banen.
Med tanke på sykkel er det særs god øving å sykla pumptrack. Her får ein læra korleis ein posisjonerer seg på sykkelen, og korleis ein timer det å skape trykk og fart utan å bruka pedalane. Dette er kjekk kunnskap og erfaring å ta med seg ut på naturlege stiar. Alle typar syklar fungerer godt i ein pumptrack, men mange kjenner at dei får større fart og betre respons frå underlaget på ein sykkel utan demping. Døme på dette er BMX, hardtail eller ein form for dirt sykkel.