Dette er ei fin treningsform, samstundes som det gjev fantastiske naturopplevingar. Uansett kva form ein er i. Det er altså ikkje berre dei største treningsfantoma som har glede og utbyte av dette, og er du usikker på korleis du skal koma over den berømte dørstokkmila, kan det vera lurt å få nokre tips av dei aller beste.
Me har teke ein prat med noregsmeisteren i randonee, Lars Erik Skjervheim, som brukar mesteparten av barmarksesongen på å springa i Vossafjella. Her er Lars Erik sine beste tips til korleis du kan få fantastiske naturopplevingar med joggesko på beina.
Fjellet er den beste treningsarenaen
Fjellet har alltid hatt ei tiltrekkingskraft på Lars Erik. Å susa gjennom fjellet med joggesko og shorts, med ein sjokolade i sekken og vatn sildrande i bekken er magisk og frigjerande, i fylgje noregsmeisteren.
– Eg likar svært godt å søka utfordringar og opplevingar i naturen, både åleine og med vener. For meg har treninga i fjellet alltid vore eit slags frigjeringsprosjekt - Naturen forventar ikkje noko av meg. Her er eg fri, seier Lars Erik entusiastisk.
Gå i dei brattaste motbakkane
Det er lett å tenkja at fjellspringing er noko ein må byrja med etter at ein har fått grunnformen gjennom springing på asfalt eller grusvegar. Lars Erik sine tips er det stikk motsette.
– Å springa på mjukt underlag i terrenget gjer det enklare for kroppen å tilvenna seg ein ny eller større belastning.