Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Inspirasjon

Idyllisk dagstur til Svortetjødn

Idyllisk dagstur til Svortetjødn

Idyllisk dagstur til Svortetjødn

1 min lesetid

Reading progress

Idylliske Svortetjødn ligg fint skjerma i høgfjellsterrenget og inviterer til eit forfriskande dukkert på varme sommardagar.

Svortetjødn
  1. Turen er på 7,2 kilomenter om du startar frå Myrkdalen Hotel. Gå forbi Myrkdalsstovo og følg grusvegen 600 meter til Helgatun.
  2. Følg stien oppover i 1,1 kilometer til stiskiljet. Ta til høgre og gå 300 meter oppover til Vetlebotn og starten av Kari Traa- rekket.
  3. Her går du opp grusvegen i 2,2 kilometer før du så tek til høgre, 50 meter før du når toppstasjonen på Storhaugekspressen.
  4. Gå langs eit lite tjørn før du dreier til venstre. Kryss begge elveleiene og følg sauetrakket/stien på høgre side av elva ned til Mørkvestølen.
  5. Frå stølen går du nordvest opp dalen. Etter ca. 1,2 km flatar det litt ut. Drei mot venstre og inn til idylliske Svortetjødn.

Tips: Halvdagstur til Svortetjødn - Halver lengda på turen til 3,8 km ved å ta sommarheisen, og ta turen som ein halvdagstur.

Sommarheisen går kvar dag kl. 10:00-15:00 fram til og med 21. august.

GOD TUR!

Sauer på beite på fjellet.

Relaterte artiklar

Sjå alle artiklar

Myrkdalen - den perfekte basen for en aktiv ferie!

Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.

Julegåvetips: Oppfyll draumar med et gåvekort frå Norway's best

Når kjende julesongar igjen høyrast på radioen, kjenner du kanskje at førjulsrushet kjem snikande. Midt i alt som skal gjerast ynskjer du å finna ei gåve som faktisk betyr noko. Med eit gåvekort frå Norway’s best gjev du nettopp det: fridommen til å velja ei oppleving som skapar forventning, glede og minne som varar lenge etter at jula er over.