
Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Me har laga ein kort serie med fem filmar der du får enkle tips og triks du kan øve på heime eller i nærområdet.
I videoen under har me samla alle fem epsiodane. Her får du tips om posisjon og balanse, bruk av bremser, bunnyjump og klatring i motbakke.
I siste episode er det eksamen der me har sett saman ei løype som kombinerer alle desse øvingane.
Då er det berre å ta fram utstyret og øva - så sjåast me på sykkelen i Myrkdalen i sommar!
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.
Julebrusen har for lengst innteke butikkhyllene, julebelysninga lyser opp gatene, og lista over gjeremål blir stadig lenger – trass i alle avkryssa punkt. Du ynskjer å gje dei du er glad i ei gåve som verkeleg treffar, men blir den genseren du synest er så fin, brukt meir enn éin gong? Med eit gåvekort frå Norways Best gir du fridommen til å velja ei oppleving som garantert blir sett pris på.