To av Nina sine favorittar på bålet:
Epledraum
Eple er herlege på tur! Denne desserten høver perfekt etter middag, eller som kos rundt bålet.
Ingrediensar
- 1 eple
- Knust kjeks
- Sukker og kanel
- Litt smør
1. Hol ut kjøtet i midten av eplet, men pass på at du ikkje lagar hol tvers gjennom
2. Ha i knust kjeks, kanel, sukker og smør
3. Legg eplet på bålet til smøret har smelta
Skaukebab
Ein mett og god mage er viktig om turen skal vera vellukka. Denne kebaben smakar ikkje berre godt – den gjev mykje energi og eit smil om munnen.
Ingrediensar (4 porsjonar)
- 400 gram kjøt eller kjøtdeig i strimlar
- 2 ss smør
- 2 ts salt, 2 ts pepper;2 ts malt spisskummen
- 2 båtar finhakka kvitlauk
- 1 stk finhakka chili
- 150 gram sopp
- 4 stk vårlauk i strimlar
- Ca 6 ss naturell yoghurt eller rømme
- 8 stk pitabrød
Bland alt krydderet i ein pose for å spara plass og vekt i sekken.
1. Kutt kvitløk, chili og vårlauk i passe store bitar
2. Steik kjøttet
3. Steik soppen. Når soppen er nesten ferdigsteikt, tilset du chili og kvitlauk. Dette skal berre fresast , så pass på at det ikkje blir steikt for mykje.
4. Bland alt saman, inkludert krydderet
5. Ha blandinga i pitabrød som er varma på bålet, og tilset yoghurt naturell eller rømme.
6. Nyt maten!
Klem!
Mat ute treng ikkje vera så avansert og ein kan gjera mykje på førehand, som til dømes å kutta opp grønsakene heime. Det viktigaste er atmosfæren og opplevinga ein skapar med familien - eit stort og godt bål er rett og slett gull verdt.