
Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Det var ein gong ein leiken og aktiv hare som vaks opp på Finnbunuten, eit av dei høgaste fjella i Myrkdalen. I motsetnad til resten av familien var haren Finn veldig nysgjerrig, og ein dag tok han turen ned til dalen og oppdaga alle menneska som stadig kom på besøk.
Her vart han veldig godt likt av menneska, som gav han namnet Finn då dei skjønte han hadde kome ned frå Finnbunuten. Finn sjølv meiner nok det er toppen som er kalla opp etter han, ikkje omvendt.
Den leikne kompisen vår diggar å hoppa rundt og vera aktiv heile tida! Sommar som vinter tek han jamleg turen ned for å helsa på alle som kjem på besøk, spesielt born og ungdom. Du ser han kanskje på terrengsykkelen sin ved pumptracken eller i sykkelløypa om sommaren.
Når vinteren kjem vert den brune pelsen hans kvit, så viss du ser ein kvit, lodden hare nedover løypene, så er det nok Finn. Han elskar nemleg å stå på ski og inspirerer gjerne dei unge i parken ved å visa fram alle dei kule triksa han har lært.
Ikkje bli overraska om han plutseleg dukkar opp og vil ta ein «high five» med deg!
Fleire og fleire har fått augo opp for gleda med ein el-sykkel – særleg i motbakkar! Det som før var eit slit opp bakkane har blitt leikande lett.
Er du usikker på kvar du skal leggja sommar- eller haustferien? Skal du reisa med barn eller barnebarn i ulike aldrar, eller kanskje med ein partnar som helst vil vera i aktivitet frå morgon til kveld? Då er Myrkdalen staden for dykk! Her får du oversikt over alt du kan oppleva i og rundt Myrkdalen - anten du ynskjer ro og fjelluft eller spennande utfordringar.
Julebrusen har for lengst innteke butikkhyllene, julebelysninga lyser opp gatene, og lista over gjeremål blir stadig lenger – trass i alle avkryssa punkt. Du ynskjer å gje dei du er glad i ei gåve som verkeleg treffar, men blir den genseren du synest er så fin, brukt meir enn éin gong? Med eit gåvekort frå Norways Best gir du fridommen til å velja ei oppleving som garantert blir sett pris på.