Guida langrennstur i Myrkdalen
Bli med på tur i den vakre fjellheimen kring Myrkdalen.
Guida langrennstur i Myrkdalen
På desse turane tek dei erfarne guidane våre deg med ut i det stille, snødekte landskapet like utanfor Myrkdalen.
Undervegs deler guiden kunnskap om landskapet, og me tek pausar for å nyte utsikta mot snødekte skogar og fjell. Me stoppar òg for ein kopp varm, tradisjonell gløgg og ein liten matbit ute i det fri. Enten du er nysgjerrig nybyrjar eller ein naturglad skiløpar, er desse turane ein fin måte å få ei god skioppleving på.
Dette kan du forvente:
- Lita gruppe (maks 6 deltakarar) for ei personleg oppleving
- 2 timar saman med erfaren skiinstruktør
- Variert terreng gjennom skog og fjell
- Pause med gløgg
- Ein roleg tur der du kan kople av og nyte naturen
Praktisk info:
- Oppmøte: Skiskulen utanfor Myrkdalsstovo Velkomstsenter
- Tidspunkt: Kl. 13.30 (kvar onsdag heile vintersesongen)
- Varigheitt: 120 minutt
- Inkludert: 5 minutt transport til startpunkt, guiding, skiinstruksjon og gløgg
- Ikkje inkludert: Langrennsski er påkravd. Kan leigast hjå Myrkdalen Skiutleige.
Kle deg etter forholda!
Ynskjer du skiundervisning? Sjå kva me tilbyr under Myrkdalen Skiskule.
Godt å vite
Sesong
Vanskelegheitsgrad
Aldersgrense
Kontakt
Er du på jakt etter rå skikøyring og bratte fjellsider?
Prøv ein av våre toppturar med guide.
Les meirKva er forskjellen mellom guida langrennstur og guida topptur?
På topptur brukar me randoneeski (toppturski). Turen startar med at me går oppover, med feller under skia for å hindre at me sklir bakover. Når me når toppen, tek me av fellene og køyrer ned att.
Tur på langrenn er annleis. Her er ikkje målet å bestige toppar. I staden brukar me lettare ski utan feller, og me siktar oss ikkje inn på nokon bratt nedkøyring på slutten. Medan ein topptur kan vere spanande - og for somme kanskje litt utfordrande - er ei guida tur på langrenn ein rolegare og meir avslappa måte å oppleve vinterlandskapet på.
Andre aktivitetar i Myrkdalen

Topptur i Myrkdalen med guide
Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Me tilbyr ulike toppturar med guide!

Hundekøyring
Kvar fredag heile vinteren har du høve til å nyte det vakre vinterlandskapet i Myrkdalen frå hundesleden!

Hest og slede
Kvar torsdag har du høve til å oppleva ein stemningsfull tur med hest og slede i Myrkdalen! Turen tek deg gjennom snøkledd vestlandsnatur, medan du sit godt pakka inn i varme pledd og høyrer lyden av bjeller og hestesko mot snøen.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Trugetur i Myrkdalen
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.