Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Aktivitetar i Myrkdalen

Guida RIB-tur på Sognefjorden

Sommar
Lett

Bli med på ein spennande RIB-tur frå Vik og inn i nokre av dei mest storslåtte og urørte fjordarmane av Sognefjorden. Denne guida turen tek deg med til Arnafjorden, Finnafjorden og idylliske Kvamsøy – ei oppleving som kombinerer naturskjønne perler, dramatisk historie og ekte vestlandsidyll.

Dette får du oppleva

Arnafjorden
Me startar frå Vik og køyrer ut til Arnafjorden, ei frodig og smal fjordarm med mektige fossefall – spesielt imponerande på våren og tidleg sommar. Undervegs ser du Bungane, ein høgdegard spektakulært plassert på ei fjellhylle nesten 500 meter over fjorden. Me passerer òg Nese, eit lite bygdesamfunn som vart ramma av ei av dei største naturkatastrofene i norsk historie i 1811.

Finnafjorden og Finnabotnen
Vidare går turen inn Finnafjorden – ei vill og vakker fjordarm i Stølsheimen Landskapsvernområde. Her køyrer me gjennom ein tidevassstraum før vi når Finnabotnen, ein bortgøymd perle omringa av stupbratte fjell og speilblankt vatn. Eit ekte paradis for den som elskar natur i sin mest urørte form.

Kvamsøy
På returen kryssar me Sognefjorden og legg kursen mot Kvamsøy – verdas minste øy med eiga kyrkje. Eit vakkert og historisk punktum for ei unik reise.

Praktisk informasjon:

  • Avgang: Kl. 13:00 (oppmøte 15 minutter før)
  • Varigheit: 1,5 time
  • Oppmøtestad: Turistinformasjonen Kristianhus, Sentrumsgata 1, Vik i Sogn
  • Parkering: Gratis parkering ved Turistinformasjonen
  • Gruppestørrelse: Inntil 12 personar
  • Aldersgrense: Frå 5 år
  • Minimum antall deltakarar: 4 personar (turen kan bli avlyst dersom dette ikkje er oppfylt)

Dette er inkludert:

  • Flytedress
  • Redningsvest
  • Kjørebriller
  • Hansker

Kle deg etter forholda: Me tilrår bukse, genser og lukka sko (ikkje sandalar).

Godt å vite

Sesong

Sommar

Vanskelegheitsgrad

Lett

Har du lyst til å fiska når du først er på Sognefjorden?

Ikkje noko problem! Bestill Guidet fisketur i staden. Vik Adventure har lokalkjende guidar som tek deg med til idylliske fjordarmar og dei beste fiskeplassane.

Les meir