Hest og slede
Kvar torsdag har du høve til å oppleva ein stemningsfull tur med hest og slede i Myrkdalen! Turen tek deg gjennom snøkledd vestlandsnatur, medan du sit godt pakka inn i varme pledd og høyrer lyden av bjeller og hestesko mot snøen.
Informasjon
Dette er ei roleg og nostalgisk oppleving som passar for både barn og vaksne - perfekt for par, familiar eller vennegjengar som vil kjenna på ekte vinterstemning.
Dei blir henta utanfor Myrkdalen Hotel, og turen tek om lag 30 minutt. Me har tepper i sleden, men ta på dykk varme klede. Vognene har plass til 8 personar.
Godt å vite
Sesong
Vanskelegheitsgrad
Aldersgrense
Møtepunkt
Kontakt
Møtepunkt
Andre aktivitetar i Myrkdalen

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Trugetur i Myrkdalen
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.