Trugetur i Myrkdalen
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.
Om Trugetur
Turen går i eit roleg tempo og passar dei aller fleste. Om ein ynskjer ekstra tilpassing kan ein også bestille privat gruppetur, der tempo og tur vert tilpassa gruppa.
Oppmøte: Kl. 16.00 i resepsjonen på Myrkdalen Hotel
Varighet: 2 timar
Passer for: Deg som vil koma tett på naturen og læra om norsk kultur og tradisjonar
Inkludert: Leige av utstyr (truger og hodelykt) og noko varmt å drikke
Godt å vite
Sesong
Vanskelegheitsgrad
Møtepunkt
Pakkeliste
- Vintersko
- God vinterbekledning som passer til vêret (me anbefalar at du har på deg skiklede)
- Lua og hanskar
Kontakt
Møtepunkt
Kom tett på naturen

Andre aktivitetar

Hundekøyring
Kvar fredag heile vinteren har du høve til å nyte det vakre vinterlandskapet i Myrkdalen frå hundesleden!

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Hest og slede
Kvar torsdag har du høve til å oppleva ein stemningsfull tur med hest og slede i Myrkdalen! Turen tek deg gjennom snøkledd vestlandsnatur, medan du sit godt pakka inn i varme pledd og høyrer lyden av bjeller og hestesko mot snøen.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.