Toppturhelg med Wild Voss
Velkomen til toppturhelg i Myrkdalen! Denne helga handlar om skiglede, pudder og ekte turopplevingar i vinterfjellet. Saman med erfarne guidar frå Wild Voss får du utforske nokre av dei beste toppturområda på Vestlandet. Trygt, lærerikt og sosialt.
Opplev skiglede i urørt snø saman med andre toppturinteresserte.
Guidane våre har god kunnskap om snøforhold, vêr og skredfare, slik at du kan nyte trygg skikøyring i den beste snøen. Toppturane vert gjennomførte i små grupper og tilpassa deltakarane sitt nivå. Du får tett oppfølging, nyttig rettleiing og sjansen til å utvikle eigne ferdigheiter i fjellet.
Du får oppleva
- Opplev meistring og skiglede på toppturar tilpassa nivået ditt
- Lær om trygge vegval, skredvurdering og korleis du kjenner igjen skredterreng
- Kjenn gleda ved å setja eigne skispor i urørt snø
- Nyt stillheita og finn roa - fjernt frå maset til kvardagen
- Bli kjend med turmogelegheitene i dei snøsikre Vossafjella
- Del helga med hyggelege og likesinna skifolk
Det er alltid hyggeleg på tur med Wild Voss!
Program for toppturhelga
Fredag 13. februar
- 18.00 – 19.15: Skredkveld – gratis føredrag om skredlære, turtips og føreforhold (ope for alle)
- 19.30 – 20.00: Ferdråd (turmøte) for deltakarar på toppturhelga
Laurdag 14. februar
- 08.45: Oppmøte i resepsjonen på Myrkdalen Hotel – utstyrssjekk og turplan
- 09.00: Avreise i privatbilar til dagens turmål
- 09.30 – 16.00: Topptur med guide (aktuelt område: Skreieggi, Jordalen m.fl.)
- 16.30: Tilbake på hotellet – evaluering og planlegging av sundagens tur
- 17.00: Takk for i dag
Søndag 15. februar
- 09.00: Oppmøte i resepsjonen – utstyrssjekk og turplan
- 09.15: Avreise i privatbilar til dagens turmål
- 09.30 – 15.00: Topptur med guide i nærområdet til Myrkdalen
- 15.30: Takk for i dag
Skredtryggleik vil bli tema i løpet av helga

Kven passar toppturhelga for?
Toppturhelga passar for alle som likar å gå på topptur og ønskjer å utvikle seg i trygge og inspirerande omgjevnader.
Du bør:
- ha vore på nokre toppturar før
- kunne køyre kontrollert på ski, også utanfor løyper
- vite korleis du kler deg for vinterfjellet
- tole ein dag med varierande vêr og føre, med lett sekk på ryggen
Du treng ikkje vere topptrent – turane blir tilpassa deltakarane.
Overnatting
Treng du overnatting? Kontakt oss på aktiv.myrkdalen@norwaysbest.com, så sender vi deg ein rabattkode til Myrkdalen Hotel.
Andre aktivitetar som kanskje kan vere noko for deg

Topptur i Myrkdalen med guide
Drøymer du om urørt pudder og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Vi tilbyr ulike toppturar med guide!

PT på ski
Finpuss teknikken saman med ein ekspert.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tek siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Hundekøyring
Kvar fredag heile vinteren har du høve til å nyte det vakre vinterlandskapet i Myrkdalen frå hundesleden!