Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Aktivitetar i Myrkdalen

Topptur med guide

Vinter

Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Me tilbyr ulike toppturar med guide!

Topptur i Myrkdalen med guide

Bestill ein privat guide til deg og skifølget! Er de på jakt etter rå skikøyring og bratte fjellsider? Vil de vite kvar de finn urørt puddersnø og spennande skogskøyring? Kanskje skal du ta med eit familiemedlem på sin første topptur nokon gong. Då er det kanskje spektakulær fjordutsikt som står øvst på ønskjelista.

Med guide på tur får de mest ut av dagen. Me kjenner Myrkdalen og veit kvar den beste snøen ligg, og kva for toppar som har best utsikt. Me skreddarsyr dagen – både etter dykkar ønskje og dagens snøtilhøve!

Kven passar det for? Topptur i Myrkdalen med guide passar for både vennegjengen, familien og kollegaer på tur. Ulike erfaringsnivå er velkomne!

Praktisk info:

  • Kan bestillast for grupper frå 1 til 6 personar
  • Oppmøtetid Kl. 09.00 i resepsjonen på Myrkdalen Hotel dersom ikkje anna er avtalt
  • Varigheit: 5 - 8 timer

Inkludert:

  • Nødvendig skredutstyr til utlån (skredsøkar, spade og søkestong). Ta gjerne med eige om du har!
  • Transport til og frå startpunkt (om nødvendig)

Sjå pakkeliste lenger nede. Treng de å leige utstyr, kan dette gjerast hos Myrkdalen Skiutleie.

Bestill topptur med privat guide her

Topptur for nybyrjarar i Myrkdalen

Er du nysgjerrig på topptur, men har lite erfaring? På tysdagar og torsdagar arrangerer me felles topptur for nybyrjarar! På desse turane vel me lett og vennleg terreng.

Kjensla av å stå på ski i urørt, lett puddersnø i vakkert fjellterreng er heilt uslåeleg. Å meistre skia, forholda og terrenget gir rein skiglede – og det er nettopp den kjensla me er ute etter på desse turane. Fjella rundt Myrkdalen har mykje snø, lite trafikk og byr på eit breitt spekter av skiterreng som passar for nybyrjarar og skiløparar med middels erfaring. Difor er Myrkdalen perfekt for å prøve topptur for første gong!

Guidane våre planlegg og førebur turane grundig. Me sørgjer for alt naudsynt sikkerheitsutstyr og gir opplæring i korleis det skal brukast. Guidane nyttar erfaringa si til å minimere risiko, forstå behova til deltakarane og sørgje for trygg og effektiv ferdsel.

Kven passar det for? For å vere med på ein topptur for nybyrjarar bør du ha noko alpinerfaring (køyring i skianlegg) og kunne køyre parallelle svingar med god kontroll i grøne og blå løyper.

Maks 8 deltakarar

Oppmøtetid: Kl. 09.00 i resepsjonen på Myrkdalen Hotel dersom ikkje anna er avtalt

Varigheit: 3–5 timar

Inkludert:

  • Nødvendig skredutstyr til utlån (skredsøkar, spade og søkestong). Ta gjerne med eige om du har!
  • Transport til og frå startpunkt (om nødvendig)

Sjå pakkeliste lenger nede. Treng du å leige utstyr, kan dette gjerast hos .

Bestill felles topptur for nybegynnere her

Godt å vite

Sesong

Vinter

Aldersgrense

12

Møtepunkt

Myrkdalen hotel

Pakkeliste

På kroppen:

  • Ski eller splitboard med bindingar med gåfunksjon og feller
  • Støvlar med gåfunksjon
  • Teleskopstavar
  • Hjelm
  • Ullundertøy
  • Lange skisokkar
  • Fleecegenser
  • Lue
  • Hals/Buff
  • Vindtett yttertøy
  • Skredsøkar
  • Solbriller og solkrem
  • Hanskar til vegen opp (tjukkleik avhengig av temperatur)

I sekken:

  • Spade
  • Søkestong
  • Dunjakke
  • Hjelm
  • Skibriller
  • Hanskar eller vottar til skituren ned (tjukkleik avhengig av temperatur)
  • Mat og drikke

Kontakt

Møtepunkt

Myrkdalen hotel
© Chris Baldry

Sjekk også ut desse aktivitetane

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Trugetur i Myrkdalen

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.

Frå / per person

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.