Sesongkort
Sesongkortsalet opnar 15. september.

Treng du hjelp til å kjøpa sesongkort? Kontakt oss på post@myrkdalen.no
Informasjon
Kvifor Myrkdalen?
- Det største parkområdet på Vestlandet laga av ShapeCrew i samarbeid med Klaus Finne
- Lang og snørik sesong
- Stort aktivitetstilbod for barnefamiliar
- Sesongkortet gjeld vinteren 2025/2026 og sommarheisen 2026
- Stort barneområde med skogsløype og morosame element
- Kveldskøyring onsdag, fredag og laurdag
- Gratis skibuss tur/retur Voss stasjon - Myrkdalen
- Fargerik lysløype i Eventyrskogen
- Fjellsauna midt i bakken
- Kamben Kafé & Spel har spennande spel for heile familien
Nytt i år: Freistar det med nysteikt bakst til hyttefrukosten? Kvar helg gjennom heile sesongen kan du bestilla ferske brød og bakevarer frå Flåm Bakeri. Får du besøk på hytta, eller ønskjer du eit avbrekk frå skiturane i bakken? Denne vinteren har me sett saman eit fast vekesprogram med spennande aktivitetar - slik at du enkelt kan gi gjestene, barna eller deg sjølv ei oppleving utanom det vanlege!
Informasjon
Slik kjøper du sesongkort
Når du kjøper sesongkort på nettet kan du velje mellom 2 måtar å kjøpe det på:
1. Eg har allereie keycard
- Før du startar, finn fram keycardet ditt (og resten av familien sine kort om du kjøper familiekort)
- Finn fram bilete du ynskjer å bruke
- Ha klar fødselsdatoen til alle som skal ha kort
- Lad opp eksisterande keycard frå Skidata, pass på at du er nøyaktig når du skriv inn keycardnummeret.
- Ynskjer du gode tilbod gjennom sesongen, huk av for nyheitsbrev
2. Eg treng nytt keycard
- Finn fram bilete du ynskjer å bruke
- Ha klar fødselsdatoen til alle som skal ha kort
- Velg nytt keycard
- Ynskjer du gode tilbod gjennom sesongen, huk av for nyheitsbrev
Hent ut og aktiver sesongkortet
Om du lastar opp eksisterande keycard når du kjøper sesongkort, kan du gå rett til bakken. Kortet vert aktivert når du går gjennom vendekorset ved Myrkdalsekspressen. Har du har kjøpt eit nytt keycard, hentar du det ut med ein QR-kode som du får tilsendt på e-post. Denne skannar du på ein billettautomat i resepsjonen på Myrkdalen Hotel, Myrkdalen Sport og Skiutleige eller i billettluka i Myrkdalsstovo.
Har du problem med å kjøpa sesongkort? Kontakt oss på post@myrkdalen.no
Klar for vinteren?
Me gler oss til snørike dagar!

Informasjon
Fordelsprogrammet Gullbanden
Med sesongkort i Myrkdalen får du ikkje berre tilgang til fantastisk skikøyring, nypreparerte løyper og ein lang og snørik sesong. Du får også:
- 10% Rabatt på alle kaféane og restaurantane i Myrkdalen Fjellandsby.*
- 10% Rabatt på overnatting og frukost på Myrkdalen Hotel
- 10% Rabatt på dart og duckpin bowling i Kamben Kafé & Spel
- 20% Rabatt på skiservice og leige av skiutstyr
- 30% Rabatt på Open klasse
- 15% Rabatt på Vossvind
- 20% Rabatt på skiundervisning hjå Myrkdalen Aktiv
- 10% Rabatt på aketur hjå Myrkdalen Aktiv
- 20% Rabatt på privatbestilling av Fjellsauna i vintersesongen
- 20% Rabatt på alle varer i Myrkdalen Sport og Skiutleige
- 10 kr for kaffi og te på velkomstsenteret i 1. høgda Myrkdalsstovo
- Open dag i skredsøkarbana for sesongkorthaldarar
- 5 dagar skikort i Grandvalira Resorts, kontakt oss her for meir info
- Mange gode tilbod gjennom heile sesongen
*Gjeld ikkje alkohol
Vis fram sesongkortet med Gullbanden-klistremerket på når du betalar. Klistremerket kan du hente ut i billettluka på velkomstsenteret vårt i Myrkdalsstovo. For rabattar på Myrkdalen Hotel, Fjellsauna, Myrkdalen Aktiv sin skiskule, VossVind og Open klasse vil du få tilsendt ein eigen rabattkode på e-post.
Det største parkområdet på Vestlandet
Parkane i Myrkdalen inviterer til leik! Denne sesongen vil du finne fire ulike parkar med element og hopp for alle nivå.
Les meir